Innlegg:
Registrerer at FFI sin rapport om påverknad i samband med val har skapt debatt. Nokre av spørsmåla og kommentarane i ettertid kan tyde på at ikkje alle har lest heile intervjuet som Nationen hadde med meg, så greit med litt oppklaring og utdjuping.\n\nDet har heile tida lege til grunn i dialogen med FFI at dei skulle publisere rapporten. Som eg òg understreka i intervjuet med Nationen står FFI fritt til å gjere nett dette. Utgangspunktet for intervjuet i Nationen var for øvrig at Nationen hadde bedt om innsyn og fått rapporten oversendt frå departementet. Tilsvarande fekk Dagens Næringsliv den oversendt samtidig og andre som har henvendt seg i ettertid har også fått rapporten frå KDD.\n\nDet saka dreier seg om er korvidt departementet skulle legge rapporten ut på våre nettsider. Det skjer stadig at departementet publiserer rapportar frå forskarar og andre, med vurderingar og konklusjonar som departementet kan vere ueinig i. Det er ein viktig del av ei utgreiing å få belyst ulike sider av saker som departementet har til handsaming og at det er openhet rundt prosessen.\n \nDenne saka handler om noko anna. Rapporten frå FFI omhandler skildringar av korleis både utenlandske og norske aktører kan forsøke å påverke valg i Noreg. Rapporten inneheld lite nytt om korleis forsøk på påverknad av val faktisk har skjedd. Derimot ligg det skildringar i rapporten som er eigna til å karikere og mistenkeliggjere ulike politiske grupperingar sine standpunkt, motiv og arbeidsmåtar. Fullt legitime politiske standpunkt som t.d. at Noreg melder seg ut av EØS vert nevnt som døme på «politisk omveltning» på linje med at dagens liberale demokrati vert erstatta av eit meir autoritært styresett eller fleirtalsmakt til eit ekstremt parti eller blokk. FFI står som sagt fritt til å skrive og publisere dette. Dei står også fritt til å koble det mot scenario der framande makter har som mål å «isolere Noreg frå det europeiske fellesskapet». Men det betyr ikkje at vi som styresmakter skal legge det ut på departementets nettsider av den grunn.\n \nFor oss som styresmakter er det særs viktig å bygge opp rundt tilliten til val i Noreg og til gjennomføringa av val. Ein sentral del av dette er å bygge tillit mellom ulike grupper i samfunnet som kan ha svært ulikt verkelegheitsbilete og ståstad i politiske saker og tillit til at styresmaktene ikkje mistenkeleggjer fullt legitime politiske ståstader og forsøk på å påverke for å få gjennomslag for sitt syn.\n \nTemaet påverknad i samband med val er viktig og noko departementet kontinuerleg arbeider med, og som eg seinast fredag svarte Stortinget på. Som det framkjem av svaret samarbeider departementet med ulike sektorar for å førebyggje og motverke forsøk på påverknad av valet frå utanlandske aktørar. Departementet gjer grundige risikovurderingar, og utarbeider beredskaps- og kontinuitetsplanar i forkant av kvart val. Informasjonstiltak ut mot veljarane er eit av fleire tiltak for å bidra til å auke kunnskapen om desinformasjon, falske nyheiter og kjeldekritikk i befolkninga. Eg reknar med å få gode innspel til departementets videre arbeid med dette viktige temaet.
Postet:
2022-10-23 13:52:47
Delt innhold:
Forsiden - stortinget.no
Stortinget.no inneholder informasjon om saker som behandles i Stortinget, oversikt over møter og høringer, informasjon om stortingsrepresentantene, omvisninger, læringsspill, kurs med mer.