Person / Aktør:
Lisa Marie Ness Klungland - Stortingsrepresentant Senterpartiet
Lisa Marie Ness Klungland - Stortingsrepresentant Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Støtt lokale gardsutsal, bondens marknad og REKO-ringar! 🍎🥕🥬🥩\n\nKvifor? 1. Fordi pengane går direkte til den som produserer maten. 2. I tider med aukte kostnadar, er det mykje å spara. 3. Daglegvarekjedane fortener å få tilbakemelding på korleis dei jobbar. \n\nI haust har eg handla meir og meir på gardsutsal. Denne leiaren i VG skildrar godt kvifor. I dag har eg handla hos forskjellige utsal på Jæren, og får hårreisande tilbakemeldingar frå bønder. Gulrøtter til over dobbel (!) pris i butikken, og då betaler produsenten berre for hylleplass. Den er etter mitt syn ikkje verdt eit så stort påslag. Daglegvarekjedane treng ei filleristing, og den begynner med at me som handlar gjev beskjed.

Postet:
2022-10-15 18:31:58

Delt innhold:
Leder: Kriseprofitøren Kiwi
Utnytter dagligvarebransjen en kritisk situasjon til å øke prisene mer enn nødvendig?