Innlegg:
Utviklinga for villreinen i Noreg har over lang tid gått i feil retning, og det er naudsynt å betre tilhøva for villrein. Regjeringa har difor vedtatt å lage ei stortingsmelding og tiltaksplanar for dei einskilde nasjonale villreinområda.\n\nOver 90 prosent av den europeiske villreinen held til i høgfjellet frå Trondheimsfjorden og sørover. Noreg har difor ikkje berre eit nasjonalt ansvar, men også eit internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen.
Postet:
2022-10-13 20:12:39