Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Skal du berre lese ein tekst om finanspolitikk denne sundagen - så har eg skrevet ein ganske enkel her: \n\nEin viktig del av statsbudsjettet er å føre ein finanspolitikk som bidreg til orden i økonomien. No handlar det om å få kontroll over prisveksten og hindra høgare rente enn naudsynt. \n\nDet går godt i norsk økonomi. Det er press i økonomien og vanskeleg å få folk til jobbane. Samstundes seier mange bedrifter at dei har det vanskeleg som fylgje av mellom anna høge prisar på energi og manglande tilgang på varer som dei treng i eiga verksemd. \n\nDet er krevjande politisk og pedagogisk å forklara for bedriftene som har det vanskeleg kvifor ein må halde att den statlege pengebruken i ein slik situasjon. \n\nSå er det mange som spør seg om ein bremsar for mykje og fører ein for stram politikk. Det som er heilt sikkert er at konsekvensane av å bremsa for mykje er mindre enn konsekvensane av å bremsa for lite. Kjem prisvekst og renter ut av kontroll så vil det setja spor i mange år framover - og det vil særleg råka dei bedriftene som i dag allereie har det vanskeleg med høge kostnadar. \n\nEit godt bilde på kor ein plasserer seg i politikken er å samanlikne det med å gå langs toppen av eit fjell i Lofoten. På den eine sida er det eit stup og på den andre sida er det ein bratt grasbakke. Dei fleste vil velge å gå nærare grasbakken enn stupet. Slik er det og med finanspolitikken. Me vel den plasseringa som gjev størst tryggleik til bedrifter og folk - og der det er enklaste å korrigera kursen om me ser at det er naudsynt.

Postet:
2022-10-09 09:42:04

Delt innhold: