Innlegg:
AP og Kjølmoen er ute igjen i Møre og Romsdal med den øydelagde «kuleramma si»\n\n- tenk å være slik, reise rundt og skryte av tidenes værste næringspolitiske statsbudsjett, som sette næringslivet i heile landet i fare?\n\nTusenvis på tusenvis av arbeidsplassar kan gå tapt, når AP og SP fortsetter med skyhøge drivstoff, straum og matvareprisar, renta stiger.\n\nOm ikkje dette var nok så har regjeringa måka på med ny norgesrekord i skattar og avgiftsauke, 46 milliard kr i skatteauke og både strøm og oppdrett får brutal grunnrenteskatt😡\n\nMen, AP sin næringspolitiske talsmann jublar, \n- jublar for kva?\n\nKva meiner du?\n\n————————///———————///—————-\n\nLesarinnlegg 6/10.\n\nAP og «andre sine pengar»\n\n« AP flår vanlige folk og næringslivet, med 46 milliardar i skatteauke, samtidig som staten renner over av pengar»\n\nAP skryter av kutt i ferjetakstar, men stakkars krok, sjølv der har «kuleramma» gått i stå.\n\nSkulle kutte 50% av ferjetakstane, men har måtte gått tilbake i tid for å få med dei 25% kutta i takstene som FrP og borgarleg regjering fekk på plass i juli 2021.\n\nAP og SP her i fylket auka ferjetakstane år for år begrunna i påstått dårlig økonomi. \n\n«Jammen merkeleg kuleramma dei har, når resultatet vart at fylket dei siste tre åra har gått med meir enn 700 mill kr i overskot»\n\nKuleramma til AP og SP har kun ei ramme, og det er bruken av andre sine pengar. \n\nAt vi må ha eit næringsliv som faktisk må skape verdiane som det offentlige kan bruke til velferd, er totalt blåst vekk.\n\nTusenvis av arbeidsplassar her i fylket blir sett i fare med tidenes værste næringspolitiske statsbudsjett, \n- og AP og Kjølmoen skryter av dette?\n\nSkryter av eit statsbudsjett der det no er vanlege folk og næringslivet som verkeleg skal få betale, medan staten blir steinrik.\n\nTransport, bygg og anleggsbransjen er frå før i trøbbel pga skyhøg drivstoffprisar og aukande rente.\nRegjeringa kuttar no nye større vegprosjekt og sørger for oppdragstørke, der tusenvis av arbeidsplassar i desse næringane også vert sett i fare.\n\n- men, AP og Kjølmoen skryter av tidenes værste næringspolitiske statsbudsjett !\n\n« Kva skal ein med reduksjon i ferjetakstar eller gratis ferjer, dersom arbeidsplassane forsvinn og grunnlaget for hus og heim blir borte?»\n\nMvh\nFrank Sve\n1 nestleiar i transport og kommunikasjonskomiteen \nStortingsrepresentant \nfor FrP
Postet:
2022-10-07 07:53:17