Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
Statsbudsjettet har resultert i ein blomsterbukett på døra:) \n\nHer er min kommentar til statsbudsjettet i innlegget etter finansministeren sin tale: \n\n«Det er eit budsjett for tryggleik og rettferdig fordeling. Vanlegvis har desse budsjettdagane gått ut på at me har møtt opp i Stortinget for å få høyra kva Erna Solberg ville bruka meir oljepengar på dei neste åra. No kuttar ein oljepengebruken med 18,3 mrd. kr, som er omtrent på nivå med det som Erna Solberg, fram til koronaen, plussa på oljepengebruken.\n\nInnanfor dette har Senterpartiet si gruppe prioritert lokal velferd, tryggleik og beredskap. Me ønskjer å ta heile landet i bruk, og me ønskjer å ha ein ansvarleg økonomisk politikk. Det ser me igjen i budsjettet som er lagt fram i dag.\n\nMen det er mykje i budsjettet som er ubehageleg. Det er ubehagelege kutt. Det er skattar som mange vil tenkja er ubehagelege, men det er òg ubehageleg at trusselen har kome nærmare, at me må auka forsvarsbudsjetta. Det er ubehageleg at me har ein stor flyktningstraum. Det er mange ting som er ubehagelege, og difor vert dette eit tøft budsjett, eit budsjett der ein ikkje berre konkurrerer om kven som skal få veksten, men der ein reelt sett må omprioritera.\n\nMe kjem dei neste dagane til å få høyra at det er feil at ein i eit stramt budsjett har funne rom for gratis ferje, at ein har funne rom for eit raust jordbruksoppgjer for å sikra norsk matproduksjon, at ein har funne rom for beredskapslager for korn, at ein styrkjer den lokale velferda, at ein har råd til verdas beste straumstøtte, og at me i ein sånn situasjon kuttar i elavgifta. Det kjem me til å få høyra, med det er prioriteringar som Senterpartiet gjer innanfor eit stramt budsjett. Det er moglegheiter og behov for å prioritera òg innanfor eit stramt budsjett. Det er berre litt meir ubehageleg enn det ein har vore vand med dei seinare åra.\n\nSå då vil eg òg, på vegner av Senterpartiet, seia at me ser fram til diskusjonane i Stortinget om statsbudsjettet, både høyringar og diskusjonar mellom parti. Eg trur at politikken er tilbake igjen i Noreg – ein politikk der me må gjera tøffe val. Me vil òg koma dit at opposisjonspartia – stort sett alle av dei – må gjera tøffe val.»
Postet:
2022-10-07 22:05:15
Delt innhold: