Person / Aktør:
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)

Innlegg:
Tre av dei viktigaste helsesatsingane i regjeringa sitt forslag til budsjett er: \n\n🔴 Fastlegeordninga: https://www.regjeringen.no/id2930521/ \n\n🔴 Psykisk helse og rus: https://www.regjeringen.no/id2930561/\n\n🔴 Sjukehus: https://www.regjeringen.no/id2930540/ \n\n👩‍⚕️ Historisk satsing på fastlegeordninga: \n– Vi tar krisa i fastlegeordninga på største alvor og foreslår ei styrking av fastlegeordninga med 690 millionar kroner i 2023, medan styrkinga for eit heilt år er på nær ein milliard kroner. Samtidig har vi sett ned eit hurtigarbeidande ekspertutval som skal foreslå konkrete forbetringar i forkant av statsbudsjettet for 2024. Dette er ei historisk satsing, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.\n\n❤ Løfter psykiske helse og rusfeltet: \nRegjeringa prioriterer psykiske helse og rusfeltet og løyver 300 millionar kroner til forsterka innsats på områda.\n\n– Vi vil styrke og utvikle innsatsen spesielt overfor barn og unge og pasientar med alvorlege og samansette psykiske helse- eller rusproblem, seier Kjerkol. \n\n🏥 Meir til sjukehusa og døgnbehandling i psykisk helsevern: \nRegjeringa foreslår å auke driftsløyva til sjukehusa med til saman 2,7 milliardar kroner\n\n– I eit stramt budsjett er det viktig å framleis prioritere sjukehusa. Regjeringa sikrar meir pengar til sjukehusa og døgnbehandling i psykisk helsevern med ei auke i driftsløyva til sjukehusa som ligg over snittet i årleg vekst frå år til år under førre regjering, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.\n\nAlle nyheiter frå Helse- og omsorgsdepartementet om budsjettet finn du her: https://www.regjeringen.no/id2930761/

Postet:
2022-10-06 10:25:14

Delt innhold:
Photos from Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)'s post