Innlegg:
Brasil og Argentina, september 2022: Del 5 (av 5): Rio de Janeiro\n\nRio de Janeiro! Corcovado. Copacabana. Ipanema. Sukkertoppen. Lever byen opp til forventingane? Ja. Det er rett og slett uendeleg vakkert her. Å starte dagen med joggetur langs Ipanema, bade i bølgjene på Copacabana (dei ligg rett ved sidan av kvarandre, kvar strand ca 4 km lang) og avslutte med å ta Fløybana opp for å sjå solnedgangen oppe på Corcovado ved Kristus-statua – ja, berre å vere her er eit minne for livet.\n\nMen det er også ein by med enorme kontrastar. Rio er ein turistby og Brasils olje-hovudstad, samtidig som så mykje som 95% av byens snart 7 millionar innbyggarar blir rekna som fattige. Over 20% bur i reine slum-/ghetto-område (favelaer). Kriminaliteten er høg, og kvart femte drap blir begått av byens politi. I 2019 sette politiet ny rekord med i snitt 5 drap pr dag – stort sett ute i favela-områda. Å snakke om Rio som eit tillitsbasert samfunn, vil vere å ta litt hardt i.\n\nI rolla som Stortingets næringskomite brukte vi naturleg nok det meste av tida til å ha møte og besøk med norsk og brasiliansk næringsliv – som i Rio i stor grad handlar om olje og gass. Norske Equinor er det nest største oljeselskapet i Brasil, berre slått av det statseigde brasilianske oljeselskapet Petrobras. I tillegg er mange norske leverandørbedrifter innanfor olje og gass på plass i Rio, pluss Innovasjon Norge og eit norsk generalkonsulat. \n\nMedan vi var der, gjekk den største årlege oljemessa i Sør-Amerika av stabelen, Rio Oil&Gas. Den norske oljemessa i Stavanger er no omgjort til ei «energimesse». I Rio handlar det enno om olje og gass, og stort sett kun det. I alle fall for Equinor, som framstår med eit heilt anna «ansikt utad» både i Brasil og Argentina enn heime i Noreg. Equinor er så vidt inne i solenergi i Brasil med eitt prosjekt, dei satsar ikkje på vindkraft på land (som Brasil no satsar stort på og i følgje dei fleste andre vi møtte er kommersielt super-interessant, men dessverre utan det norske statlege energiselskapet på laget), og selskapet har heller ingen tydelege ambisjonar om dekarbonisering av den svære og raskt veksande olje- og gassaktiviteten sin verken i Brasil eller Argentina. Nei, her skal olja opp – med det klassiske argumentet om at viss ikkje eit norsk selskap pumpar opp oljen både på land og sjø (i Argentina også såkalla «fracking», ei svært omstridd form for oljeutvinning som Equinor tidlegare har brent seg på i USA), så vil nokon andre gjere det - og Equinor er «best i verden» på å få opp oljen på ein energieffektiv og dermed såkalla klimavenleg måte. Eit argument som sikkert er heilt reelt, men kan brukast for å forsvare at den norske stat engasjerer seg i å pumpe opp olje på alle felt i alle land der det er mulig over heile verda – noko som i sin tur vil føre til total kollaps for alt arbeid med å nå globale klimamål.\n\nUtdjupar ikkje dette meir her, men det var utruleg interessant å sjå Equinors «andre ansikt» når selskapet er utanfor den daglege norske offentlegheita. Det er eit tema som må løftast fram også i norsk politisk debatt.\n\nMen for all del: Vi møtte mange norske selskap som gjer ein heilt super jobb her nede og har fått til imponerande resultat både innanfor olje&gass, fornybar energi og på andre område: DOF, Scatec, DNB og mange andre. Det er viktig og flott at norsk næringsliv er til stades i Brasil. Men fokus framover for norsk nærings- og eksportpolitikk må vere å «bredde ut» aktiviteten til andre og meir framtidsretta næringar enn olje.\n\nSom ei avrunding på vårt besøk i Rio og Brasil besøkte vi ein som verkeleg har tatt ei leiar-rolle: Tidlegare Lyn-spiss Tommy Nilsen, som etter avslutta fotball-karriere i 2004 reiste til Rio, såg fattigdomen og nøden der – og bestemte seg for å vie livet etter fotballkarriera til å hjelpe barn ut av fattigdom. Svaret vart «Karanba». Karanba har sidan starten i 2006 nådd nesten 10.000 born og unge og familane deira – gitt dei utdanning og bistand til å klare seg i kvardagen – og sjølvsagt fotball. No held Karanba til i Sao Goncalo, ein «forstad» til Rio, og vi fekk møte både Tommy, mange av dei lokale som no arbeider i Karanba, og borna som gjennom Karanba har fått eit nytt håp i livet. Som Tommy seier: «Alle barn har rett til å ha en drøm».\n\nDet Tommy har gjort – med mange gode samarbeidspartnarar på laget (heriblant Equinor – stor ros til dei for det!) – står det verkeleg respekt av. Ingen kan hjelpe alle, men alle kan hjelpe nokon. Uansett kvar dei bur i verda. Skal land som Brasil og Argentina utvikle seg vidare, er det born og ungdom som er nøkkelen. Dei må få utdanning, trygge oppvekstvilkår – og eit reelt håp om ei betre framtid.\n\nSå Rio er for meg både starten og slutten på denne fantastiske reisa – her ligg håpet, her ligg mulighetane – og Tommy Nilsen sitt livsverk syner betre enn noko at sjølv éin enkelt person frå eit lite land i utkanten av verda kan gjere ein skilnad. I dag går Brasil til val-urnene – kanskje vaknar vi i morgon til ei verd med litt meir håp og litt større moglegheiter for endring til det betre. \n\nTakk til dei norske ambassadane i Brasil og Argentina (og generalkonsulatet i Rio) for ei fantastisk reise dei tok oss med på, til gode kollegaer i Næringskomiteen for at vi fekk oppleve alt dette saman – minna, kunnskapen og inntrykka vi har fått med oss blir gull verdt for det vi skal gjere vidare.\n\nAdeus frå Brasil og adios frå Argentina – no ventar eit nytt stortingsår!
Postet:
2022-10-02 09:52:37