Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
I dag konstituerer Stortinget seg. Det er det 167. Storting. Eit Storting er no eit år. I går hadde me møte og avslutta det 166. Storting. \n\nAlt dette er regulert i Grunnlova. Fram til 1871 var det ikkje Storting kvart år - så difor stemmer ikkje talet med 1814-2022. \n\nOg når det er møte på ein laurdag så kjem det av at då Grunnlova vart vedteken så var ikkje laurdag noko anna enn ein vanleg dag. \n\nVidare er det på måndag den høgtidelege opninga av Stortinget der Kongen les opp trontalen. Så er det to dager med generell politisk debatt - og på torsdag legg regjeringa fram statsbudsjettet. \n\nGrunnlova legg rammene for demokratiet vårt. Det har vore viktig for tryggleik og velstand sidan 1814. \n\nDet kjem ikkje til å bli eit år prega av småsaker. Me står framfor noko som i alle fall ikkje eg har opplevd før. Krig i Europa, energikrise, inflasjon og mykje uvisse. \n\nDette er ikkje ein situasjon som kan løysast med utspel og små og behagelege politiske tiltak. Me er diverre ikkje der. \n\nI går la Forsvarsdepartementet ut eit bilete som eg deler. Eit norsk militært skip ved ein plattform. Skipet er der for å gjera ein jobb. \n\nSjølv om ein understreker at ein ikkje trur det er fare for angrep - så vonar eg me alle kan sende ein ekstra tanke og takk til alle dei som no er ute og gjer ein jobb for oss på skip eller plattform. I dag besøker statsministeren Sleipner plattformen - det er særs viktig. \n\nEg trur det vert ein vinter som blir tøff - og eg har i alle fall tenkt å bli i fedrelandet og gjera min jobb så godt som eg kan.
Postet:
2022-10-01 08:26:52
Delt innhold: