Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Brasil og Argentina september 2022: Del 1 (av 5)\n\nKan vi redde Amazonas – og vere med å løfte heile verda over i ei grønare og meir rettferdig framtid?\n\nSøndag 3/10 er det presidentval i Brasil: Verdas 5. største land og Noregs viktigaste eksportland utanom EU og USA. Sjeldan har meir stått på spel. Ikkje berre for Brasils 215 millionar innbyggarar, natur og biomangfald – men for heile verda.\n\nDei siste to vekene har eg vore så heldig å få reise rundt i Brasil og Argentina saman med ein tverrpolitisk delegasjon frå Næringskomiteen på Stortinget (frå Frp til Rødt, via Høgre, Ap, Sp, MDG og Venstre). Saman med dyktige norske diplomatar i dei to landa har vi møtt sentrale politikarar i senat og regjeringsapparat og hadde opne og ærlige diskusjonar med dei, møtt norske bedrifter, lokalt næringsliv og sivilsamfunnorganisasjonar – sett overveldande rikdom og botnlaus fattigdom – sett natur gå tapt og natur bli «tatt tilbake».\n\nOg vi har fått ein liten smakebit av Amazonas: Det enorme elve-området som inneheld verdas største regnskogar, fører meir vatn enn dei 7 andre av verdas 8 største elver TIL SAMAN (Amazonas har 20% av alt elve-vatn i verda) – produserer 20% av alt oksygenet på jorda og sørger for å fange opp 5% av jordas samla CO2-utslepp kvart einaste år. Og som er sterkt trua av avskoging - men der Noreg spelar ei heilt sentral rolle gjennom oppbygginga av Amazonas-fondet, kombinert med at vi er ein viktig handels-partner for Brasil med mange store norske selskap til stades.\n\nKort sagt: Kva som skjer i Brasil er viktig for Noreg, viktig for klimaet og viktig for verda. Går regnskogen i Amazonas tapt, er det i praksis umulig å bremse klimaendringane. Lukkast vi med å få Brasil og Argentina til å satse tungt på fornybar energi framfor olje og gass og legge om sin enorme industri til berekraftig drift, vil det vise veg også for andre land si energi- og industri-framtid.\n\nOg for eit eksportland som Noreg, som i framtida må finne nye marknader til erstatning for Russland og andre diktatur, vil «unge demokrati» med stor kjøpekraft og felles verdigrunnlag som Brasil og Argentina bli stadig viktigare.\n\nDifor reiser norske politikarar på offisielt besøk til Brasil og Argentina: Ikkje for å «ha ferie» - men for å vere med og gi våre små bidrag i å bygge verda betre – og styrke banda mellom land som vil same veg, i ei tid då det er viktigare enn nokonsinne. \n\nI løpet av helga kjem det 5 reisebrev frå meg frå den uforgløymelege ekspedisjonen vi har vore på. Neste stopp er Brasils hovudstad, Brasilia.

Postet:
2022-10-01 09:44:53

Delt innhold:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre-এর পোস্ট করা ফটো