Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Brasil og Argentina, september 2022: Del 2 (av 5): Brasilia\n\n«Denne byen er noko heilt for seg sjølv», er ein vanleg reisereportasje-klisje. Men Brasilia ER noko heilt for seg sjølv. Ein futuristisk draum/mareritt – bygd opp frå ingenting midt på eit aude sletteland som Brasils nye hovudstad i åra 1956-1959, forma som ein enorm flykropp med vinger, med kvart bygg som eit arktitektonisk kunstverk på syre og 12-felts motorvegar som bind byen saman. Dette er bilens by – og framtidas by slik framtidsdraumen var på 1950-talet.\n\nKvifor dei bygde ein ny hovudstad? Rett og slett som eit politisk kompromiss for å unngå full fyr i leiren mellom storbyane Rio og San Paulo. Omtrent som om fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane på 1970-talet skulle ha fått den ville ideen at for å sleppe å velje eitt fylkessenter av dei etablerte tettstadene Florø, Sogndal og Nordfjordeid, så la oss i staden bygge eit nytt, bil-basert senter midt mellom (..oj, vent no litt – nei, la det ligge her..).\n\nUansett: Brasilia er i dag Brasils hovudstad og 3. største by, med 3 millionar innbyggjarar og alle dei sentrale statsfunksjonane samla. Den norske ambassaden i Brasilia hadde lagt opp eit imponerande besøks-program for oss med sentrale nasjonale politikarar og organisasjonar. Mellom anna fekk vi møte Brasils nest øverste politikar, senatspresident Rodrigo Pacheco. Der diskuterte vi m a samarbeid om vern av Amazonas, klimapolitikk og behov for sterkare satsing på fornybar energi – og mykje meir. Vi møtte også representantar for det brasilianske sivilsamfunnet og WWF Brasil, Brasils svar på NHO og Bondelaget, EU sin ambassadør i Brasil og mange andre.\n\nOg det spesielle med besøket vårt, var utan tvil tidspunktet. Vi var der heilt i innspurten av valkampen, der Brasils erke-konservative president Bolsanaro blir utfordra av tidlegare president Lula. Mykje kan seiast om Lula, men alle representantar for sivilsamfunnet som vi møtte var heilt tydelege: Fire nye år med Bolsanaro vil vere ei katastrofe for Amazonas og naturen – og for dei som sit nederst ved bordet i det brasilianske samfunnet. Noreg har m a fryst utbetalingane frå Amazonas-fondet under Bolsanaro sitt regime.\n\nMed maktskifte i Brasil opnar det seg nye muligheiter både for samarbeid om skogvern og om handels-samarbeid (jmf forhandlingar om handelsavtaler mellom EU/EFTA og Mercosur-landa i Sør-Amerika). Og for oss som norske parlamentarikarar var det befriande å få snakke med kollegaer i Brasil (og seinare i Argentina) og EU-representantar som faktisk kunne gi oss reell informasjon om dei pågåande forhandlingane om handelsavtaler mellom våre land – heime i Noreg er ikkje det direkte lett å få..\n\nOg så hadde Norges eminente ambassade i Brasil sørga for å nytte vårt besøk til å tromme saman til ein skikkeleg «norsk aften» i ambassaden, med 400 gjester og servering av norsk klippfisk (bacalao) i all verdens variantar. For brasilianarane elskar bacalao – og bacalaoen er norsk!

Postet:
2022-10-01 10:46:57

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post