Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Brasil og Argentina, september 2022: Del 3 (av 5): Belem/ Amazonas\n\nAmazonas-deltaet er større enn Europa, har vore dekka av regnskog i minst 50 millionar år, inneheld 20% av alt rennande vatn på jorda - og truleg 1/3 av alle plante- og dyreartar og 10% av all biomasse (vekta av levande liv) på jorda. Halvparten av Amazonas-skogane er allereie hogd ned – resten står i fare.\n\nI utkanten av dette området – rundt byen Belem lengst vest i Amazonas – driv norske Hydro gruvedrift og tungindustri. Her kjem råstoffa (bauxitt og alumina) frå til Hydro sine norske aluminiumsverk i Årdal, Sunndal, Høyanger og andre stader. Utan aluminium – ikkje noko grønt skifte. Men utvinning og foredling av aluminium kan også øydelegge natur – i eitt av verdas mest sårbare område (og bauxitt finst berre i eit belte rundt ekvator).\n\nMed dette bakteppet reiste vi oppover til Belem saman med Norsk Hydro for å sjå korleis dei angrip dette tilsynelatande umulige dilemmaet – og prøver å gå frå å bli ein del av problemet, til å knekke ut ein del av løysinga på natur- og miljøkrisa.\n\nVår første ekspedisjon med Hydro var å sjå utvinninga av bauxitt i Paragominas, ein to timers ekspedisjon med småfly og buss ut i skogen sør for Belem. Her ligg verdas fjerde største bauxitt-gruve (eigentleg eit dagbrot), 100% eigd av Hydro. Området Hydro har konsesjon til å utvinne bauxitt på er enormt – på storleik med heile Belgia. Det er skogkledd, men ikkje «urskog». For å ta ut bauxitt, må ein fjerne jord ned til ca 8-10 meter. Der ligg bauxitt-laget som inneheld den verdifulle aluminumen.\n\nDet Hydro no har sett i system – som dei første i verda – er å sørge for rask gjenplanting av områda dei rydder for skog og tar ut bauxitt frå – på ein måte som tar vare på opprinneleg artsmangfold og «biologisk kvalitet». Når utvinninga er ferdig, skal skogen tilbake i løpet av to år. Vi fekk besøke eitt av dei første områda der denne metoden er testa ut på – med suksess. Så lenge denne metoden blir brukt «med fornuft» - altså ikkje som ei unnskyldning til å gå laus på område med gammal, opprinneleg skog som treng vern – så er dette eit stort steg framover for å forsyne verda med eit nødvendig mineral i framtida.\n\nPå dag 2 i Belem tok vi elvebåt til det som er verdas største alumina-raffineri, gigantiske Alunorte, majoritetseigd av Hydro. (Bauxitten frå Paragominas blir frakta til Alunorte - her blir han omdanna til alumina - som så igjen blir skipa til Noreg og andre stader for å utvinne reint aluminum). \n\nAlunorte vart for alvor kjend i Noreg etter ei hending i 2018 der Hydro vart skulda for ureining av området rundt i samband med ein flaum – skuldingar som truleg ikkje var korrekte, men som uansett illustrerer utfordringane med å ha tungindustri i eit område med ekstremt vêr, sårbar natur og eit sivilsamfunn som er vant med å bli «overkøyrt» av næringsliv og myndigheter. Uansett: Hydro har dei siste åra verkeleg «fått opp dampen» i å omstille Alunorte til ei framtid med langt tøffare miljø- og klimakrav. Dei er no i ferd med å fase ut all bruk av tungolje og kol til fordel for naturgass og elektrisitet. Innan 2030 skal all energi ved det enorme anlegget vere fornybar, kobla med store utbyggingar av vind- og solenergi i regionen. \n\nHydro er her verdsleiande. Løysingane dei utviklar må bli den nye industristandarden for heile bransjen. Først då kan vi snakke om aluminium som eit verkeleg «grønt mineral». Og ekstra kjekt for oss som norske næringspolitikarar var det å sjå at dei svære nye el-kjelane som no erstattar tungolje for å lage damp, dei er utvikla og levert av ei norsk industribedrift i Flekkefjord på Sørlandet: Parat.\n\nOg at Hydro er viktig for Brasil og Belem-regionen, er det ingen tvil om. Dei to anlegga vi besøkte, sysselset åleine ca 10.000 menneske – i eit land som treng fleire jobbar og meir kapital for å utvikle seg vidare. Vi rakk også å besøke ein lokal fiske-restaurant i ei bakgate i Belem kvelden mellom dei to Hydro-besøka. Der møtte vi ein ekspert på regnskog-vern som ga oss ei strålande innføring i arbeidet med vern og berekraftig utvikling av Amazonas – og fekk fiskesuppe laga på ei diger Amazonas-malle. Kontrastar, lukter, lydar og fargar - vår vesle smakebit på Amazonas ga meirsmak..\n\nOppsummert: Det vi fekk sjå av Hydro i Belem – og ikkje minst at dei er opne om kor krevjande det er og kva dilemma dei står i - står det stor respekt av. Eg trur Hydro er på rett veg, sjølv om det enno er mykje hardt arbeid igjen. Og det står i kontrast til den påfallande passiviteten andre store, delvis stateigde norske selskap syner i møtet med klimakrisa – og kontrasten mellom deira vakre grøne bodskap heime og det olje-svarte dei driv med ute. Meir om det i neste avsnitt av reisebreva!

Postet:
2022-10-01 11:57:46

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post