Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Brasil og Argentina, september 2022: Del 4 (av 5): Buenos Aires\n\n“There are four kinds of countries in the world: Developed countries, undeveloped countries, Japan and Argentina", sa Nobelpris-vinnar i økonomi, Simon Kuznets.\n\nFor Argentina er landet der absolutt alt låg til rette for suksess. Argentina har enorme naturressursar (det åttande største landet i verda i areal!!), ei godt utdanna befolking, behageleg «europeisk» klima utan ekstrem varme/kulde, og landet var på byrjinga av 1900-talet blant dei 10 rikaste i verda. Dagens Buenos Aires vitnar om det: Vakre gamle bygg, flotte parkar og breie avenyar – som eit Paris eller Madrid på hi sida av Atlanteren.\n\nLikevel har ting gått rett i grøfta. Argentinsk statsstyring har sidan 1950-talet vore eit katastrofeområde – i periodar også med militærdiktatur. No er det demokrati, men tidlegare president og noverande visepresident Cristina Kirchner vart seinast i september utsett for eit påstått drapsforsøk – sjølv om over halvparten av argentinarane trur det var eit regissert skodespel for å vinne sympati.\n\nValutaen er ustabil og inflasjonen skyhøg: Over 80% inflasjon berre så langt i 2022 (!). Dei fleste utanlandske investorar skyr unna å investere i Argentina på grunn av styringskaos, uføreseielege rettsreglar, inflasjon og høge skattar i eit komplisert skattesystem med over 150 ulike skatteordningar. Dermed står landbruket i Argentina enno for 70% av alle eksportinntekter og 35% av sysselsetjinga.\n\nSidan landbruket er så viktig i Argentina, var det naturleg for oss å besøke ein argentisk gard som dreiv med oppdrett og avl på kjøttfe (Brangus), der vi også møtte leiarane for begge dei to største argentinske landbruksorganisasjonane. Og sjølvsagt vart invitert på klassisk argentinsk laurdags-grilling («asado») – der kvalitet og kvantitet av kjøt går hand i hand, med pølser og blodpudding til forrett, og enorme biffar til hovudrett.\n\nDei tre neste dagane var vi i Buenos Aires. Søndagen brukte vi til byvandring med guide i denne enorme, overveldande byen med 15 millionar menneske (3 millionar i «bykjerna»). \nMandag og tysdag besøkte vi parlamentet og hadde gode møte med våre kollegaer der både i Senatet og «Representantenes Hus» (to-kammer system bygd opp på same måte som i USA), besøkte utanriksdepartementet og møtte representantar for næringsliv og sivilsamfunn – og blei kjent med nordmenn og norske bedrifter i Argentina på kvelds-samling heime hos vår ambassadør i Argentina, Lars Vaagen.\n\nOppsummert: Argentinarane ser lys i enden av tunnelen, og norsk næringsliv er til stades i landet, om enn i mykje mindre grad enn i Brasil. Akkurat no handlar mykje om olje og gass – men landet har også gode forhold for å satse på fornybar energi, og store mineralressursar. Argentina har klart å legge tida med militærdiktatur på 1970- og 80-talet bak seg – dei ønskjer meir handel og samarbeid med omverda, og er eit land vi bør støtte i å bygge ein meir stabil og mindre oljeavhengig økonomi i framtida. \n\nOg ikkje minst: Eit vakkert land med flotte folk, stolt historie og ein storslagen hovudstad som alle bør prøve å besøke minst éin gong i livet. La oss håpe at Eva Peron, Maradona og Messi sitt heimland i framtida kan leve av grøn vekst og utvikling – og samtidig halde fram med å fortrylle verda med tango, fotball og god raudvin.

Postet:
2022-10-01 16:22:13

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post