Person / Aktør:
Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn
Parti: V

Innlegg:
I dag presenterte regjeringa ei skatteskjerping for næringslivet på 33 milliardar kroner, særleg retta inn mot havbruk og fornybar kraftproduksjon. Grunrenteskattar er i utgangspunktet ein rettferdig og fornuftig måte å skattlegge på, og det må ein kunne diskutere for ulike næringar som brukar felles naturressursar. \n\nProblemet er at dette kjem på toppen av alt anna, frå ei regjering som ser ut til å fullstendig mangle evne til å prioritere. Å auke grunnrenteskattar kunne ein til dømes kombinert med å senke meir skadelege skattar for folk og næringsliv - slik som inntektsskatt, selskapsskatt og formuesskatt. Men eg held ikkje pusten med tanke på om dette kjem til å skje i statsbudsjettet neste veke. Svaret er garantert nei. \n\nKva sit vi igjen med då? Ein kraftig auke av det samla skattetrykket, for å finansiere ein stadig større offentleg sektor, med ei regjering som er ute av stand til å redusere utgiftene. Og når ein er ferdige med å betale mellombelse utgifter til straumstøtte, flyktningmottak med meir, blir resultatet eit varig høgare skattenivå som går inn i det store sluket. \n\nÅ endre på skatteprofilen i eit budsjett i grønare og meir rettferdig retning er Venstre alltid opne for å diskutere. Å berre jekke opp det generelle skattenivået fordi ein ikkje klarer å prioritere er politisk latskap, og kan få store konsekvensar for næringslivet langs heile kysten.

Postet:
2022-09-28 11:34:50

Delt innhold:
Venstre: – Vi risikerer å få en økt offentlig sektor og et næringsliv med dårligere konkurranseevne
Mens SV jubler over ny lakseskatt, er Venstre mer skeptisk til at regjeringen bare vil øke det generelle skattetrykket uten å ta ned offentlige utgifter.