Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
No er den politiske prosessen kring forbod mot hald av pelsdyr og erstatning til bøndene i mål. I morgen får dei fyrste bøndene tilbod om erstatning/skadebot etter den ordninga som stortingsfleirtalet, Sp, Ap, SV og Frp, vedtok våren 2021. \n\nLandbruksministeren har fulgt opp stortingsvedtaket og no er det berre prosessen med utmåling og utbetaling som står att. I løpet av det halve neste året skal mykje vera sluttført vonar eg. \n\nFor å minne om historia: Høgre, Frp og Venstre gjekk under regjeringsforhandlingane inn for eit næringsforbod. Det skjedde året etter at Stortinget med stort fleirtal og etter ein grundig prosess hadde konkludert med at me ynskte denne næringa. H, Frp og V må bære eit stort ansvar for forbudet. ei må dele ansvaret med KrF når det kjem til manglande vilje og evne til å gjera opp for seg. \n\nKampen for ei skikkelig erstatning har vore seig, lang og i mange akter. Forrige regjering prioriterte det ikkje og kom aldri i mål med saka. Deira tilbod som vart sendt på høyring var på inntil 365 millionar kroner. Det ville gitt pelsdyrbøndene rekninga for den politiske hestehandelen. Etter vedtak og press frå Stortinget så justerte dei det heilt marginalt opp. \n\nNo er anslaga at prisen for forbodet vil vera på om lag 2,6 milliardar kroner. Bøndene får moglegheit til å velje takst etter bruksverdi eller attskafgingsverdi (takst). \n\nKorleis eit slikt system for erstatning bør utformast kan det vera mange meiningar om. Det viktigaste for meg er at landbruksministeren har gjort det Stortingsfleirtalet har ynskt. Partia bak erstatninga er Sp, Ap, Sv og Frp. Frp var med på forbodet, men i motsetnad til H, V og KrF var dei villige til å betala for seg. \n\nEg har dei seinare dagane vore kontakte av mange pelsdyrbønder. som har vore usikre. Eg forstår det godt slik dei har blitt behandla av forrige regjering. No må oppgjera kome i gang - slik at sakene kan verta ferdige. \n\nNokre har også hevda at dialogen med departementet har vore mindre omfangsrik no enn då Bollestad var statsråd. Til det er det berre å seia at mange pengar har større verdi i eit erstatningsoppgjer enn mange ord. Sandra og co har etter mitt syn handtert saka effektivt og greitt i tråd med føringane frå stortinget. \n\nSenterpartiet har lagt ned mykje politisk kapital i saka. Heldigvis har det vore brei semje i partiet og frå leiinga om å prioritera saka. Eg har fått gjort mykje jobb i saka - det hadde ikkje vore mogleg utan full support frå Trygve, Marit og resten av Senterpartiet nasjonalt og lokalt. \n\nDet har vore ei krevjande sak - men eg trur at når ein ser attende på kampen for ei rettvis erstatning så vil ein sjå at rettferda sigra til slutt. \n\nDette er ingen gladsak - men eg trur Senterpartiet sin innsats har utgjort ein avgjerande skilnad for mange familiar som heilt ut frå det blåblå fekk eit næringsforbod midt i fleisen. \n\nDen politiske prosessen er over. No står bere prosessen med utmåling og utbetaling att. Dei fleste har fått utbetaling etter den gamle ordninga - det ein får ekstra no er eit resultat av vedtaket til Sp, Ap, Sv og Frp i Stortinget. \n\nEg vil takke alle pelsdyrbønder som eg har fått hatt kontakt med i prosessen og som har stått fram med si historie. Dere har ikkje fortent det dere har opplevd de siste fem årene.
Postet:
2022-09-25 20:10:39
Delt innhold: