Innlegg:
Fantastisk lærerik tur til Sør-Korea med helse- og omsorgskomiteen 🌟\n\nHelsesamarbeidet mellom Noreg og Sør-Korea har pågått i over 70 år. Under Koreakrigen bidrog Noreg med «NORMASH» - eit kirurgisk feltsjukehus, der over 600 nordmenn jobba, både som helsepersonell, støttepersonell og soldatar. Over 90000 menneske blei behandla på feltsjukehuset. Då krigen var over, gjekk Noreg, Sverige, Danmark, FN og Korea saman om å starta det største sjukehuset i Asia på den tida - National Medical Center (NMC). \n\nMangel på helsepersonell, samhandling og eldrebølge er store utfordringar me står ovanfor både nå og spesielt i framtida. Difor var det svært interessant å reisa til Sør-Korea, der dei står i alle desse tre utfordringane akkurat nå. Landet har ein fødselsrate på 0,81 barn per kvinne, ein høg gjennomsnittleg alder, ein aldrande befolkning og kvinner som går tidleg ut av arbeidslivet for å ta vare på barn.
Postet:
2022-09-24 11:13:59