Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Norsk laks må få tilgang til Brasil! \n\nNæringskomiteen er på reise i Brasil og Argentina. Her skal vi mellom anna få vite meir om norske næringsinteresser i Sør-Amerika, og korleis vi kan legge forholda bedre til rette for bedriftene våre. \n\nUnder besøket i parlamentet i Brasilia og møte med senatorane Jean Paul Prates og Paulo Rocha, tok eg opp den over hundre års handelstradisjonen med tørrfisk eller som den heiter i Brasil; “Bacalhau da Noruega”\n\nDette er både svært populært og viktig. Men eit anna supert norsk produkt har ikkje fått tilgang til det enorme landet med nesten 220 millionar innbyggarar i Sør-Amerika: Norsk laks.\n\nI oktober i fjor skreiv IntraFish at Chile har 100 prosent marknadsdel, på laks, og at Norge er utestengt. Brasilianske styresmakter har i fleire år arbeidd med ei biologisk risikovurdering av norsk laks, men ingenting ser ut til å skje.\n\nDet var derfor naturleg for meg å ta opp temaet i møte med dei to senatorane. \n\nDei to var positiv til at norsk laks må få tilgang til den enorme marknaden i Brasil, og i eit etterfølgande møte blei vil samde om å arbeide i lag for å få dette til .\n\nFor dette kan vi ikkje slå oss til ro med. Brasilianarane må også få tilgang til\n“Salmão da Noruega”!\n\nEg vil derfor rette eit spørsmål til fiskeri- og havministeren for å få avklart kvar saka nå står og kva norske styresmakter gjer i den.

Postet:
2022-09-22 15:54:35

Delt innhold:
Photos from Olve Grotle's post