Person / Aktør:
Barne- og familiedepartementet (Norge)
Barne- og familiedepartementet (Norge)

Innlegg:
Kyrkjemøtet er i gong og trus- og livssynsminister Kjersti Toppe bidro på opninga. Temaet for møtet til Den norske kirke er håp. Toppe fortalte at noko som verkeleg har gledd ho på reisene og kyrkjebesøk dette året ho har vore trus- og livssynsminister, så er det å sjå kor mykje bra som faktisk skjer i og rundt kyrkjene for barn og unge. Men likevel vil ho oppmode kyrkja om å gjere enno meir, om de kan. - For barna, for ungdomane, for studentane, for dei unge vaksne. Og særleg for dei som fell utanfor. Dei med dårleg råd. Den norske kyrkja kan med alle sine aktive spele ei viktig rolle for unge si tru, for å høyre til, inkluderande fellesskap og betre livskvalitet hos barn og unge, og for å gi dei håp, sa statsråden. Les heile tala her: https://rb.gy/nb2k40 Foto: Den norske kirke

Postet:
2022-09-22 17:30:38

Delt innhold:
Photos from Barne- og familiedepartementet (Norge)'s post