Person / Aktør:
Nærings- og fiskeridepartementet (Norge)
Nærings- og fiskeridepartementet (Norge)

Innlegg:
Tysdag 20. september mottar fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran rapport frå ekspertutvalet som hadde i oppdrag å vurdere kva som skal gjerast med ubåtvraket U-864. \n\nUtvalsleiar Gro Kielland vil presentera hovudfunna og overrekka rapporten til statsråden.\n\nEkspertutvalet vart nedsett hausten 2020 og fekk i oppdrag å sjå på om det finst ny informasjon, ny teknologi eller nye metodar som medfører at heving av kvikksølvlasta eller heile ubåtvraket kan gjennomførast med ein lågare risiko enn det som har vore vurdert tidlegare. Utvalet har utarbeidd ein rapport som skal gi regjeringa eit avgjerdsgrunnlag for val av miljøtiltak.\n\nDen tyske ubåten U-864 vart senka 9. februar 1945. Ifølgje historiske dokument kan ubåten ha frakta 67 tonn kvikksølv. Delar av denne lasta er spreidd ut på sjøbotnen omkring vraket, og dette fører til at det lek kvikksølv til vassmassane omkring.

Postet:
2022-09-20 13:55:21

Delt innhold:
Ekspertutval overrekker rapport om ubåten på Fedje til fiskeri- og havministeren