Person / Aktør:
Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Parti: H

Innlegg:
Sjølv om strømkrisa er altoverskyggande på den politiske dagsorden, må vi også passe på at andre delar av næringslivet også vert ivareteke på andre område. Nye FOT- ruter ( at staten kjøper flyruter) blir lyst ut 2024. Regjeringa har sagt at dei skal VURDERE å ta Stord-ruta med i denne utlysinga. Men kva med ruta fram til dess?\nNo er det stor usikkerheit, tidtabellen skifter, forutsigbarheit, som næringslivet treng, manglar.\nKva er samfunnskostnaden ved å starte eit rutetilbod om vi har ei rute, kontra å starte opp att?\nDette har flyplassen gode tal på, spørsmålet er om departementet sit på det same grunnlaget. Dette vil eg gjerne ha svar på frå statsråden.

Postet:
2022-09-19 14:22:50

Delt innhold:
- Svært lite hensiktsmessig for flyplassen | Stord24
Liv Kari Eskeland (H) meiner uroen for Stordflyet den siste tida er eit synleg teikn på kvifor det trengs statleg støtte. Det har vore mykje uro rundt Stord lufthamn og den DAT-opererte flyruta mellom Stord og Oslo den siste tida. I sommar blei rutene endra, i samband med at DAT byrja å nytta St ...