Innlegg:
Denne veka har eg hatt tre inspirerande og lærerike dager på lokalagsbedøk i Oppland valgdistrikt i Innlandet. Vågå, Nord Aurdal og Vedtre Toten. \n\nTuren starta med ENØK som tema hjå #Beitostølen Resort. Her har hotelleigarabe brukt Covid -nedstengninga til å gjennomføre ENØK tiltak og fått redusert energiforbruket med 30%. Eigarane #AtleHovi Bjørn Hovi var tydelige på at finansieringsordninger for ENØK tiltak er kjempeviktig å tå på plass raskt. Kostnadsveksten gjer at mange hotell må sette planlagde investeringer på vent for å greie seg. Beitostølen Resort har tatt grep for å møte krisa og ynskjer seg ENØK virkemidler raskt på frå staten, ikkje straumstøtte. \n#VågåSV med leder Ola Røe og kommunestyrerepresentant #SveinHolen i spissen møtte eg i Frivilligheitssentralen sine tiltalende og mykje brukte lokaler i Vågå. Vågå SV er godt i gang med listearbeidet for neste års kommunevalg. No har lokallaget og kommunen ei kjempestor datasenter-utbyggingssak på bordet. \n\nVågå SV er opptekne at planprosessen skal gå rett føre seg med demokratiske og åpne prosessar. KU og vedtak i kommunen må skje på godt saksgrunnlag slik forvaltningslova krev. Berre slik kan kommunestyret ivareta natur og lokalsamfunnet sine interesser på ein god måte når vedtak skal gjerast.
Emneknagger:
Postet:
2022-09-17 10:49:31