Person / Aktør:
Rødt
Rødt
Parti: R

Innlegg:
UKAS LOKALPOLITIKER: Jeanette Onarheim Syversen \n\nHvem er du?\n– Åleinemamma til en super gutt på 7 år, gruppeleiar for Raudt i Vestland fylkesting, vara til Landsstyret i Rødt og medlem i kommunalpolitisk utval i Rødt. \n\nBosted\n– Åsane (Rolland) i Bergen\n\nNår ble du med i Rødt?\n– 2007 \n\nHvorfor ble du med i Rødt?\n– Fordi eg ville vere med på eit historisk prosjekt for å samle den radikale venstresida i Noreg. \n\nHva gjør du på 1. mai?\n– Pynter meg, hører på arbeidermusikk, kanskje holder eg ein appell, og tilbringer stort sett dagen i lag med partifeller. I år arrangerte eg for første gang potetløp for de minste på Rødt Bergen sin 1.mai frokost.\n\nHva er det morsomste du vet?\n– Menneske med raus og velutvikla sans for humor, som ikkje tek seg sjølve høgtidelege. \n\nHva du mest stolt av å ha fått til? \n– Eg er stolt av å ha leda heile Vestland fylkesting, inkludert Frp, med på å erklære Vestland som antirasistisk sone, etter det rasistiske politidrapet på George Floyd i 2020. \n\nHvilken bok eller podkast vil du anbefale? \n– Vil anbefale podcasten «Sounds true» av Tami Simon og spesielt episoden «The roots of healing» der ho snakkar med Gabor Mate om hans perspektiv på det vi i marxismen kallar «sosialiseringsprosessen». \n\nHva er ditt politiske grunnsyn oppsummert på maks seks ord?\n– Sosialistisk, antikapitalistisk antirasist for internasjonal solidaritet! \n\nHva er Forskjells-Norge for deg?\n– Den manglande politiske viljen hos «styringspartia» til å virkeleg avskaffe fattigdom ved hjelp av rettferdig omfordeling og demokratisk styring over marknaden. Når det kun er pris som får vera styrande for kraftprisen, så skaper dette større forskjellar mellom dei som har god inntekt og dei som ikkje har hatt reallønsvekst. \n\nHva gjør du når du blir sint?\n– Det kjem heilt an på situasjonen. \n\nEr du god til å legge deg flat?\n– Ja, eg er aldri for stolt til å beklage når det er på sin plass. \n\nHvilken del av Rødts politikk er du mest uenig i?\n– Eg er lojal til landsmøtet. Men eg kan seie at eg trur programprosessene må ha stor takhøgd. Det finns til dømes fleire perspektiv på havvindsatsing i partiet, leverandørindustrien ligg her i distriktet, og før 2021 var det i utgangspunktet fleire av laga i Sunnhordland som var positive til havvind, med visse forutsetningar. \n\nHvem ville du helst dratt på hyttetur med?\n– Om eg tar med meg nokon (utan sonen min), måtte det vere nokon som kan halde kjeft i meir enn 1 minutt, som er sjølvstendig, kan tåle å gå på utedo og som veit å nyte å ikkje ha mobildekning, straum og TV. Kvalitet framfor kvantitet. \n\nHva er favorittmusikken din? \n– Eg er veldig musikalsk og liker stort sett alt som er autentisk, sjelfullt og orginalt. Soul, neosoul, rnb, blues, jazz, rock, electronica og pop. Eg er hyppig brukar av Spotify Weekly, der oppdagar eg ny musikk, og så likar eg vinylplatar.

Postet:
2022-09-14 08:03:18

Delt innhold: