Innlegg:
Stad Skipstunnel – prosjektet som vil revolusjonære kysten og Vestlandet! Stad skipstunnel/Stad Ship Tunnel vil:\n \n✅Gjere sjøtransporten tryggare, meir effektiv og meir påliteleg\n✅ Gi kortare reisetid, mindre drivstoffbruk og opp mot 60 prosent kutt i CO2-utslepp\n✅Styrke sjøen som transportåre og flytte meir gods frå veg til sjø\n✅Knyte kysten på Vestlandet saman, skape ein ny bu- og arbeidsmarknadsregion mellom Ålesund og Måløy/Florø og muliggjere hurtigbåt mellom Ålesund og Bergen\n✅ Auke verdiskapinga i fiskeri- og havbruksnæringa, som er ei av Noregs største framtidsnæringar og skal sikre oss store eksportinntekter når oljealderen snart er over\n✅Styrke næringsutvikling og sysselsetjing på kysten\n✅Opne svære, nye muligheter innen reiseliv\n \nProsjektet er vedtatt av Stortinget, prosjektarbeidet er for lengst i gang – og kostnaden (3-3,5 mrd NOK) er ein brøkdel av eit kva som helst større veg- eller jernbaneprosjekt på det sentrale austlandsområdet. 97% av Nasjonal Transportplan blir svidd av på veg og jernbane – for sjøtransport er det kun Stad Skipstunnel som ligg inne av større prosjekt.\n \nEin flott konferanse om eit unikt samferdsleprosjekt om bord på Havila sitt nye Kystrute-skip Havila Castor sist veke - med innlagt besøk til smellvakre Trandal og Christian Gaard. Takk til Måløy Vekst, Stad Vekst og Vanylven Utvikling for flott arrangement, og til alle gode innleiarar frå Kystverket, NHO Vestlandet, Kystrederiene, Flakk Group og mange andre!
Postet:
2022-09-13 07:48:55