Person / Aktør:
Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn
Parti: V

Innlegg:
Det er tøffe tider i Noreg, og tøffe tider i EU. Straumen er dyr, drivstoffet er dyrt og inflasjonen stig. Men dei som verkeleg står i kampen no, dei kjempar i Ukraina. \n\nOg gjett om ukrainarane kjempar. Dei siste dagane har vi sett ein svært gledeleg framgang i krigen, der ukrainarane har slått seg meir enn 50 kilometer fram i terrenget sør for Kharkiv. Dei russiske styrkane i området er i ferd med å bli omringa, og forsyningslinjene brotne. Denne framgangen kjem på grunn av ukrainsk heltemot, og vestlege våpen. Også norske våpen. Tenk korleis situasjonen hadde vore om folk som Bjørnar Moxnes hadde fått gjennomslag, og dei ikkje hadde fått våpen. Venstres landsstyre var det første partiorganet i vinter som vedtok at Ukraina burde få våpen. Det har dei fått. Som president Zelenskyj sa til Stortinget i vår: «Friheten må væpnes – og ikke noe dårligere enn tyranniet». Og så lenge ukrainarane er villige til å kjempe, må vi vere villige til å væpne dei til tennene.

Postet:
2022-09-10 16:55:18

Delt innhold:
Rotevatn til Venstres landsstyremøte: – Det er mørkest i Ukraina nå
Venstres nestleder Sveinung Rotevatn sier at våpenhjelp til Ukraina er helt avgjørende for å få en slutt på krigen og kommer med et våpenstikk til Rødt.