Person / Aktør:
Frank Sve

Innlegg:
I går deltok Sylvi og eg på konferansen til\n »Sunnmøre på rett veg» ang snarleg prioritering og oppstart av E-136 Eksportvegen vår.\n\nGodt innlegg av Sylvi og god debatt for min del mot ein tafatt AP Kjølmoen som ser ut til å ha blitt slukt av greinaløysa til Støre og Vedum regjeringa.\n\nKva SP sin Geir Inge Lien egentlig sa i sitt innlegg, lurer nok dei fleste på enda. \n\n«Kan det være så forbaska vanskeleg å gjennonføre prioriteringene som eit samla fylkesting, alle kommunar og eit samla næringsliv krev»\n\n- utbygging av heile E-136 frå Ålesund til Bjorli.\n\nE-136 har vore prioritert som nr 1 i meir enn 30 år her i fylket, likevel har ein akseptert og ikkje sett foten ned for at ca 700 mill kr har blitt brukt på å planlegge Møreaksen, eit prosjekt verken innbyggjarane eller storparten av næringslivet IKKJE vil ha, og som har stått langt nede på prioriteringene.\n\n- E-136 står der no, så og seie utan planlegging, Brustugelia er klar men er så elendig planlagt av Statens vegvesen at Nye vegar må gjere opp igjen det meste.\n\n«Kven har gjeve Statens vegvesen med Kjetil Strand i spissen, lov og rett til å gje blaffen i å planlegge heile E-136, men har planlagt Møreaksen i staden?»\n\nGalskapen ser vi no, der planlegginga av det som er igjen av E-136 til Statens vegvesen Ålesund til Vestnes, gong på gong blir utsatt. Planressursane flytta til Molde, og E-136 blir fortsatt trenert av Statens vegvesen.\n\nHeldigvis har Nye vegar as fått E-136 frå Vestnes til Bjorli.\nSjølv om dei må ta igjen elendigheita til Statens vegvesen så vil utbygginga starte det i dei kommande åra. \n\nNo blir sjølvsagt Møreaksen stoppa, og dette av seg sjølv med bakgrunn i den galopperande prisveksten men også fordi dagens regjering har varsla store kutt innan samferdselsutbygging.\n\n« Aldri så gale at det ikkje er godt for noko». \n\nBra er det at dagens regjering får gjere minst mulig skade ved å bygge feil vegprosjekt. Møreaksen ryk, og dei mange titals milliardane som var tiltenkt her kan nyttast andre stadar i fylket.\n\nPengane vil kunne gå til:\n\n- Fullføre utbygging heile E-136 Ålesund- Bjorli.\n- Ny E-39 Veibust- Blindheim- Moa\n- E-39 forbi Batnfjorden\n- Strynefjellet RV 15 m arm til Geiranger\n- RV 70 med ny innfartsveg til Kristiansund \n- Voldatunellen \n- E-39 Ørsta til Festøya, mange utbetringar.\n- Todalsfjordkryssinga \n- Eksportvegen Molde- Åndalsnes, Langfjordkryssinga endra til riksveg.\n\nFor å nevne noko.\nSjølv desse mange prosjekta kjem samla sansynlegvis ikkje opp i «galskapens prosjekt sin prislapp» Møreaksen .\n\nNei, kva som har skjedd med planlegginga av E-136 bør granskast. \nAt nokon slett ikkje har gjort jobben sin og fått lov til dette i årevis er heva over einkvar tvil.\n\nNo må dei viktige vegane i Møre og Romsdal prioriterast, og Nye veier as må få både stor nok ramme og arbeidsro ang utbygginga av E-136.

Postet:
2022-09-08 07:57:50

Delt innhold:
Photos from Frank Sve's post