Innlegg:
Besøk hos Redningsselskapet på Stord 🌟\n\nEtter ein sommar med ein vanvittige auke i drukningsulykker, kjende eg på at eg ville bidra til å endra dette. Gjengen på Stord hadde mange gode innspel til kva me kan gjer frå Stortinget si side.\n\nHer på Stord er sikkerheit i førarsete, og dei er nå godt i gang med å bygga sjøsikkerheitssenter. Der blir det blant anna kurstilbod og møteplass for folk som er interesserte i fritidsbåtar 🛥\n\nDei vil kunne tilby høghastigheitskurs, radarkurs, praktisk del for båtførarprøve, navigasjonskurs og mykje anna. Moderne fritidsbåtar er annleis enn båtar før i tida, og det vil vera både viktig og naudsynt å kursa oss i korleis båten vår fungerer 🚤
Postet:
2022-09-09 17:52:51