Innlegg:
Stopp Møreaksen !\n\n-og slutt å bruke innbyggjarane sine skattepengar på eit hjelpeslaust og greinalaust prosjekt som folket i Møre og Romsdal ikkje vil ha!\n\n————————-//—————————//——————\n\n*. Samferdselsprosjekt til himmels !\n\n« Fylkeskommunen opplever at samferdselsprosjekt går til himmels kostnadsmessig, men Møreaksenklanen trur fortsatt på eit under»\n\nFylkeskommunen opplever enormt store prisaukar på alle samferdselsprosjekt. \n\nSiste store prosjekt Nærlandsøybrua har kome godt over 830 mill kr frå sine vel 350 mill kr som fyrste prisgrunnlag.\nDet same opplever ein på alt av samferdselsprosjekt i fylket, bruer, tunellar, veg, rekkverk osv.\n\nFylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen seier til SMP:\n\n«Kostnadsøkningen treffer oss midt i solar plexus!»\n\nVidare seier han: \n\n«Vi har nok ikkje sett den siste kostnadsoverskridelsen. Om det er SMP prosjekt eller større prosjekt opplever vi at alle får betydeleg prisaukar»\n\nDette er fakta, beinharde fakta som sjølvsagt gjelder alt av vegbygging.\n\n« Forklar, kvifor skulle ikkje dette også gjelde Møreaksen?»\n\nDet ser ut til å være i emning eit verkeleg stort under, når dei som ynskjer å bygge Møreaksen tviheld på sine totalt urealistiske prisanslag.\n\nMøreaksen får sjølvsagt minst like store kostnadsaukar som resten av samferdselsprosjekta her i fylket og i resten av landet.\nSannsynlegvis også vesentleg høgare då prosjektet verken har Ks2 eller på nokon som helst måte er byggeklar.\n\n«Med fakta prisvekst som har vore no og som blir lagt opp til framover, er ikkje ei dobling av kostnadane for Møreaksen urealistisk»\n\nDette betyr at Møreaksen raskt vil bevege seg meir mot 50 milliard kr, sansynlegvis enda høgare.\n\nDette er realitetar ein ikkje kan snakke seg vekk ifrå, og når regjeringa no kuttar kraftig i vegbygging er sjølvsagt Møreaksen sjanselaus.\n\nDerfor må arbeidet med planlegging osv ikring Møreaksen stoppast øyeblikkeleg, \n\n« Den norske stat har alt kasta vekk nok pengar på dette håplause prosjektet som folket ikkje vil ha»\n\nMvh\nFrank Sve\n1 nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen \nStortingsrepresentant \nfor FrP.
Postet:
2022-08-31 13:07:29