Innlegg:
Oppdal: Distriktskommune som viser veg!\n\nSist veke var eg så heldig å få ein dag på Oppdal saman med Venstres varaordførar i Oppdal Kommune, Elisabeth Hals. Og ein ting er eg 100% sikker på etter besøket: Alle distriktskommuner i Noreg har noko å lære av Oppdal! La meg gje 3 kjappe døme:\n\n1. Oppdal jobbar systematisk med å knyte band mellom kommune, lokalt næringsliv og universitets- og forskingsmiljø i Trondheim: Dei skal rett og slett bli ein «universitetskommune» i distrikts-Noreg, der NTNU stiller opp for kommunen med gode prosjekt, kloke hovud og koblingar der lokalt næringsliv treng det – og Oppdal legg til rette for at forskarar og studentar kan opphalde seg og arbeide i Oppdal.\n\n2. Oppdal har laga eit førsteklasses innovasjonssenter midt i sentrum: Krux Oppdal innovasjonssenter (rett og slett tatt ein svær parkeringsplass og fylt han med liv og aktivitet i staden for bilar). Der har dei samla eit framifrå næringshagemiljø (Nasjonalparken Næringshage med 9 tilsette og imponerande breidde i aktivitet), masse spennande bedrifter, opne møtelokale, aktivitetsenter (bl a ein 27 meter høg klatrevegg) – og fleksible arbeidsplassar for dei som vil ta jobben med til Oppdal for ein dag, ei veke eller nokre månader i året.\n\n3. Oppdal har «knekt koden» for lokalmat: Dyktige grunderar har fått til ein Mathall midt i sentrum der det er utsalsstader for alle typar lokalmat – som igjen har fått fart på lokal produksjon av kvalitetsmat, med bakeri, ferskvare-utsal av kjøtvarer, spesialøl-butikk og mykje meir.\n\nOg så har dei blinka ut kva som er deira kvalitet nr 1 for å bli attraktive: Eit frilufts-eldorado sommar og vinter, med eit mangfald av aktivitetar og tilbod som gjer at stadig fleire besøker Oppdal – og stadig fleire også vil ta med seg jobben og bu her. Elisabeth sjølv og mannen Endre er eit ypperleg døme på det: Dei har rett og slett satsa på å lage kvalitets-treski til frikøyring med lekker design: EVI Ski – som no også satsar på gjenbruk av gamle ski: Sirkulærøkonomi i praksis.\n\nVi besøkte også ei grunder-bedrift i nasjonal elitedivisjon: Vertical Playground, som med base i Oppdal har blitt blant Norges største og beste butikkar på røft sports- og friluftsutstyr sommar og vinter: Klatring, frikøyring på ski, terrengsykling og mykje anna. Frå den spede oppstarten i 2000 har dei no nådd ei omsetning på over 200 mill pr år og ca 40 tilsette – dei aller fleste frilufts-entusiastar som bur på eller har flytta til Oppdal.\n\nElisabeth er med rette stolt av kommunen sin – og av Oppdal Venstre – som eg hadde ein veldig kjekk kveld saman med som avslutning på besøket. Oppdal ser framover, er «svoltne» på å utvikle seg vidare og av å samarbeide – dette er Venstre-distriktspolitikk i praksis!
Postet:
2022-08-29 21:16:57