Innlegg:
Nor-Fishing i Trondheim: Den største og viktigaste møteplassen for fiskerinæringa – vår største eksportnæring etter olje/gass, og ei næring vi skal leve av lenge etter at oljealderen snart er slutt. Ein fabelaktig stad for å få ny kunnskap og møte folk i næringa frå heile landet.\n\nEg deltok i debatt om grøn omstilling og ny teknologi for å kutte klimautslepp frå fiskeflåten, på Nofima sitt kræsj-kurs i nytt på forskingsfronten innanfor fiskeri og sjømat, møtte delegasjonar med gode innspel til nasjonal fiskeripolitikk – og besøkte lokale bedrifter som gjorde seg sterkt bemerka på messa. Ikkje minst den fantastisk flotte standen til Måløy-miljøet, med Stadyard, Fiskevegn (frå Flatraket i Stad) og mange andre. Eit prakt-eksempel på kva ein kan få ut av å gå saman og gjere felles sak for å bli synlege nasjonalt.\n\nOgså kjekt å få ein prat med Hans-Petter Selstad i Selstad-gruppa – som no har blitt ei milliardbedrift med hovudsete i Måløy og aktivitet over heile verda. Dei var ei av svært få bedrifter som til og med fekk besøk av Dronninga på sin stand - vel fortent!\n\nEg håpar å kunne bidra i åra framover til å løfte fiskeri- og sjømatnæringa sterkare fram i nasjonal politikk. Det er viktig for framtida til små og store lokalsamfunn langs heile kysten – og for heile Noreg!
Postet:
2022-08-26 08:47:13