Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Gratulerer til Førde Industri og Næringssamskipnad og næringslivet i Sunnfjord! No tar de verkeleg leiartrøya i å samle gode krefter i «gamle Sogn og Fjordane» til felles løft inn i framtida. Heilekonferansen 2022 på Sunnfjord Hotell samla 270 deltakarar til eit imponerande og profft arrangement.\n\nTrur alle reiste både klokare og meir inspirert frå Heile-konferansen – i glede og felles stoltheit over dei eventyrlege bedrifts-historiene til Sindre Kvalheim (Lefdal Mine Datacenter) og Edgeir Vårnes (Tibber) – og med klimakrisa og Ukraina-krigen endå tettare innpå kvardagen gjennom foredraga til Siri Kalvig (sjef i NYSNØ) og Generalmajor Torgeir Gråtrud (tidlegare sjef for Forsvarets spesialstyrker).\n\nMen aller mest: Ein framifrå møteplass for å bygge nettverk og bli kjende – på tvers av kommuner, fogderi og bransjer. Fint å få vere fluge på veggen som ein av få politikarar til stades – men Heile-konferansen er og skal vere det lokale næringslivet sin arena. Eg er imponert over «trøkket» som no er i Sunnfjord. At Førde tar rolla som motor for utvikling og inviterer alle rundt seg med, er gull verd for alle!

Postet:
2022-08-26 17:21:54

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post