Person / Aktør:
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)

Innlegg:
Det er eit pågåande utbrot av apekoppar i Noreg. Verdshelseorganisasjonen (WHO) har nyleg erklært apekopputbrotet som ei alvorleg hending for folkehelsa. For å stoppe utbrotet i Noreg, forskriftsfester Helse- og omsorgsdepartementet apekoppar som ein allmennfarleg smittsam sjukdom.\n\n– Vi har i sommar sett ein auke i tal på personar som er smitta av denne sjukdomen. Det er viktig med tiltak for å stoppe utbrotet som er i gang. Vi må òg sikre at dei som er smitta får god oppfølging i helsetenesta og blir godt tatt i vare på, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol. \n\nKlassifiseringa av apekoppar som ein allmennfarleg smittsam sjukdom er basert på smittevernfaglege råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Samtidig vurderer Folkehelseinstituttet at det er svært lite sannsynleg for ein epidemi av apekoppar i den allmenne befolkninga.

Postet:
2022-08-26 12:19:28

Delt innhold: