Person / Aktør:
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)

Innlegg:
Regjeringa har sendt ein ambulansebuss til Ukraina. \n\nBussen fungerer som eit rullande intensivsjukehus med fem sengeplassar. Bussen skal nyttast av ukrainsk helsepersonell og vil styrke deira moglegheit til å frakte pasientar både inne i Ukraina og ut av landet. Ytterlegare fire bussar er under produksjon ved Volvo-fabrikken i Säffle i Sverige. \n\n– Desse bussane vil vere eit viktig bidrag til helsehjelp i Ukraina. Det er også veldig nyttig for Noreg, då norske myndigheiter og norsk helsepersonell får verdifulle erfaringar med helseberedskap i ein krevjande og høgst reell situasjon. seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol. \n\nBussane kan frakte alt frå krigsskadde pasientar til pasientar med andre alvorlege sjukdommar. Det viktigaste er at det gir Ukraina moglegheita til å flytte sjuke og såra og til å frakte pasientar ut av landet.

Postet:
2022-08-24 13:38:10

Delt innhold:
Photos from Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)'s post