Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Dette er Ocean Space Center i Trondheim, det planlagde nasjonale kunnskapssenteret for havromsteknologi💪😊\n\nSenteret held på å bli utsett og nedskalert av regjeringa i forslaget til revidert nasjonalbudsjett i vår, men sterke protestar frå utdannings- og forskingsmiljøa våre, hav-næringane og mange andre fekk stoppa denne uforståelege og svært uheldige avgjerda. I motsetning til regjeringa, prioriterte Høgre senteret i vårt forslag til RNB. Prosjektet er nå i rute. \n\nOcean Space Center vil ha mange brukarar, her medrekna SINTEF OG NTNU -som på dagens møter ikkje fekk understreka nok kor viktig det var at prosjektet er tilbake på sporet igjen.\n\nOcean Space Center vil vere med å sikre Norge sin posisjon som ein leiande havnasjon, og bidra til den grøne omstillinga av norske havnæringar. Det er ein posisjon og rolle som vi ikkje har råd til å misse🙌

Postet:
2022-08-24 17:06:51

Delt innhold: