Innlegg:
«Dette er verdas beste festival!» utbraut Liv Ullmann under Amandaprisutdelinga igår.\n\nEg skal ikkje sei meg verken einig eller ueinig, men å delta på Den norske filmfestivalen i Haugesund gjev oss i alle fall eit godt innblikk i den norske filmbransjen - og eit betre innblikk i oss sjølv om me ser eit par filmar (eller 10) i tillegg.\n\n«Eg er ikkje spesielt bevandra i filmverda», fortalte eg mine kollegaer på starten igår. I løpet av kvelden fekk eg innblikk i både bransjen, produksjon og ikkje minst folka rundt - både dei foran og dei bak kamera. Begge deler er like viktig! \n\n«Til dei som trur at kinofilmen er død - det er ikkje sant», sa Joachim Trier under den n’te takketalen sin igår (Verdens verste menneske gjorde storeslem). Eg vil tilrå alle som har moglegheit til å sjå ein film på kino. Det er viktig å støtta bransjen, men viktigast av alt: «Film trenar den empatiske evna vår» (som ei bak «The Middle Man» sa).\n\nMarte Eide Klovning
Postet:
2022-08-21 12:26:14