Innlegg:
Ei intens, men fabelaktig Arendalsuka er over! Eit enormt mangfald av arrangement, tema og folk frå heile landet (1700 arrangement på 5 dagar) – som du rett og slett reiser mykje klokare heim frå.\n\nEit lokalt døme på nokon som har forstått kor bra høve Arendalsveka er til å bygge nettverk og syne seg fram: Måløy Vekst med drivande Randi Paulsen Humborstad som leiar – som var til stades heile veka og i tillegg laga eit heilt supert eige arrangement om bord på Vestland sin felles messe-båt “Vision of the Fjords”. \n\nMange andre små og store organisasjonar frå om lag alle samfunnsområde gjorde liknande ting – på «nøytral grunn» langt vekk frå Oslo-gryta. Så når Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum boikottar Arendalsveka med høg sigarføring i media fordi det er «for fint» for han, så er det berre flaut, sett frå min ståstad.\n\nEg rakk til slutt over 25 arrangement med innlegg eller deltaking i debatt/samtaler. Det var ei fryd frå A til Å, sjølv om hovudet var rimeleg kokt i går kveld etter 9 debattar om 8 tema på 10 timar.. Eitt høgdepunkt var å vere med på Miljøstiftelsen ZERO sitt elleville «Klimadilemmas»-show på ein fullstappa pub tysdag kveld – saman med Klimaminister Espen Barth Eide, stortingskollega Stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle og Sosialistisk Ungdom-leiar Synnøve Kronen Snyen. Og ei kjempebra avrunding i dag med «Barnas Partilederdebatt», der barn og unge fekk stille spørsmål til og gå rundt og snakke med Venstre-leiar Guri og andre norske toppolitikarar.\n\nTakk til alle i Arendal for innsatsen denne veka – til alle arrangørar, meddebattantar og kjekke folk å henge rundt med. Og til deg som ikkje var der: Ta turen neste år om du har sjans!
Postet:
2022-08-19 21:24:41