Person / Aktør:
Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet

Innlegg:
–Matlaboratoriet er eit godt eksempel på kva ein kan få til dersom ein klarer å sjå og gripe dei moglegheitene som finst. Det er eit innovativt prosjekt og eit førebilete for andre som vil satse på nye idear, sa kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik - Sp då han opna det som truleg er verdas største lavvo - Boaššu – Arctic Indigenous FoodLab, under Arendalsuka. \n\nLavvoen, som står 10 meter over bakken og er 13 meter i diameter, inneheld eit avansert mobilt kjøkken som kan lage gourmetmat i verdsklasse. Dette matlaboratoriet skal vere eit kunnskapssentrum i Finnmark og bli brukt til å fremme samisk mattradisjon på arrangement og festivalar både i inn- og utland. \n\nDet er International Centre for Reindeer Husbandry (ICR) og Verdensforbundet for reindriftsfolk som står bak prosjektet.

Postet:
2022-08-17 14:02:29

Delt innhold:
Photos from Kommunal- og distriktsdepartementet's post