Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Tour Fjordane med Ingvild. Dag 2 av 3: Stadlandet, Selje og Måløy (Bølgjedagen)\n\nI mai tok stortings-kollega i Venstre, Ingvild Wetrhus Thorsvik, meg med på besøksrunde i sitt heimfylke Agder. Denne veka var tida inne for ein gjenvisitt. Her kjem del 2 av reiserapporten!\n—-\n\nStadlandet og Selje\n\nLengst vest i Nordfjord, i Stad kommune, ligg Stadlandet og Selje. Avsides? Utkant? Kjem an på auget som ser. For sjøfarande har Stadlandet alltid vore midt i leia - og det kortaste punktet ut til verda i vest. Her steig dei første norske kongane i land, her finn vi Noregs første helgen og det første bispesetet på Vestlandet. Og i dag strøymer folk frå heile verda på nytt hit for å oppleve den spektakulære naturen – ikkje berre som turistar, men også for å bu.\n\nEin av dei som har gjort det, er Jon Frogner, leiar i Stad Venstre og lidenskapleg surfar. Han tok oss med til si heimbygd, Ervik. Her har han stranda i gangavstand frå huset, slik at han kan starte og slutte dagen med surf mens han fjernjobbar som tekstforfattar i kommunikasjonsbyrået han er medeigar i. (Og familien er bitt av basillen, dattera Maria er på juniorlandslaget i surfing).\n\nMen Ervika kan vere røff. Så for å prøve bølgjene, tok Jon oss i staden med til Stadlandet si aller mest kjende og ikoniske surfestrand: Hoddevika og Stad Surfing. Det er eit vanvittig adrenalin-kick å vere ute i sjøen mens ein «vegg» av bølgjer kjem mot deg, og du etterkvart klarer å treffe bølgja og få dei ville naturkreftene til å jobbe med deg (..men ganske mørbanka etterpå, uansett..).\n\nI Selje besøkte vi ei bedrift som på ypperlig måte symboliserer krafta og omstillingsevna til næringslivet på kysten: Uniformpartner Selje. Ein gong i tida var dette ei av mange store konfeksjonsbedrifter i Nordfjord, Selje Skjortefabrikk. På 1980-talet produserte dei her 240.000 skjorter i året og hadde over 100 tilsette. Men mens mange andre konfeksjonsbedrifter etter det har blitt lagt ned, har skjortefabrikken i Selje klart å omstille seg. No er dei del av bedrifta UniformPartner, som er ei av dei største bedriftene i Noreg på arbeidsantrekk og uniformar. Og dei driv så godt at Uniformspartner rett og slett har flytta hovedlageret sitt frå Oslo til Selje – i tillegg til at logistikk og utvikling av nye antrekk blir gjort her, i nye og moderne fabrikklokale.\n\nBedrifta har kome seg godt gjennom pandemien, er i vekst – og har det siste året også fått ein ny og spennande gründer inn i sine lokale: Julia Venø. Tyske Julia er kunstnar og professor i mote med ei lang internasjonal karriere bak seg, og eit menneskeleg fyrverkeri. Ho og mannen Bjørn har flytta frå London til hans heimstad Venøya i Selje der dei har starta Venogardkunst, og Julia bygger opp ei ny mote- og designsatsing der hennar svære internasjonale nettverk møter lokale strikke- og handverkstradisjonar frå Nordfjord. Den 27. august rullar ho ut kunst-performance og catwalk-show på Operahuset Nordfjord, med kunstnarar og designarar frå heile verda i samarbeid med unge lokale design-elevar og modelllar – og seinare i haust lanserer ho sitt eige klesmerke.\n\nFolk som Julia gjer verda rikare, og ho er eit strålande døme på at dei store draumane i vår tid kan levast ut kvar som helst – i Selje like godt som i London.\n\nVidare til Måløy i Kinn kommune – ein næringslivsby i særklasse med mange store bedrifter – og kultur for gründerskap. Vi besøkte ein gründer som KAN sitje på eitt av dei verkeleg store svara på framtidas energiforsyning: Bølgjekraft. \n\nI European Energy Agency sine analyser av framtidas grøne energisystem, blir det anslått at bølgekraft kan dekke så mykje som 10% av Europa sitt energibehov i 2050. I kjent stil er Norge bakpå samanlikna med mange andre europeiske kyst-land (vi lever enno i olje-bobla), men Geir Arne Solheim og selskapet Havkraft As har arbeidd systematisk i mange år – jobbar internasjonalt og er no i ferd med å knekke koden. Neste år rullar Havkraft ut eit bølgekraft-anlegg som skal forsyne Svanøy Havbruk sitt oppdrettsanlegg i Florø med rein energi – med mellom anna Sparebanken Vest som samarbeidspartner.\n\nGeir Arne er med rette frustrert over norske styresmakter si passive haldning til å følgje etter resten av Europa i satsing på bølgjekraft og anna ny fornybar energi: No er tida inne for eit taktskifte! Eg tar saka opp i Stortinget no i haust – og vi fekk svært gode innspel med oss på korleis vi kan rigge ny politikk som får fart på bølgekraft som del av framtidas energimiks.\n\nSå kryssa vi Nordfjorden og sette kursen mot Sunnfjord – følg med i rapporten frå siste dag av Tour Fjordane!

Postet:
2022-08-14 10:08:54

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post