Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Tour Fjordane med Ingvild: Dag 1 (av 3) – Stryn og Nordfjordeid\n\nI mai tok min stortings-kollega i Venstre, Ingvild Wetrhus Thorsvik, meg med på besøksrunde i sitt heimfylke Agder: Denne veka var tida inne for ein gjenvisitt på mine heimtrakter. Vi burde hatt ein månad, men nådde over ganske mykje på tre dagar – her kjem del 1 av reiserapporten!\n\n—-\nStryn = næringsliv, framtidstru og samarbeid\n\nVenstres varaordførar i Stryn, Torstein Tvinnereim, inviterte saman med kollega Endre Bø frå Stryn venstre oss med på næringslivslunsj på flunkande nye Stryn Aktivitetslodge. Her har Svein Ørjasæter og Heidi Holmlund trylla om eit praktbygg frå 1903 midt i Stryn sentrum, med tilhøyrande lade og hage, til ei heilt rå «leikegrind» for aktivitetsbaserte opplevingar, med overnatting, servering og base for alle typar naturbaserte aktivitetar. Svein og Heidi flytta frå Oslo til Stryn i 2019 (Heidi er ernæringsfysiolog som har jobba mange år i Olympiatoppen), og målet deira er å gjere Stryn til «verdas råaste aktivitetsbygd». Det trur eg dei vil få til – dette er gründer-ånd på sitt aller, aller beste!\n\nUnder lunsjen møtte vi også mange andre næringslivs-folk i Stryn og fekk svært gode råd og innspel om alt frå energipolitikk, skattepolitikk (m a formueskatten som trugar lokalt eigarskap, slik Stryn og magne andre lokalsamfunn i distrikta er avhengig av) – grøn omstilling og trongen for meir kommunalt handlingsrom i lokal utvikling.\n\nTorstein hadde også sørga for at møte med Sarah Andersson og Lillian Heimlid frå det nye Inkluderingsutvalet i Stryn, som Torstein og Venstre tok initiativ til for å få meir trykk i arbeidet med å inkludere flyktningar, arbeidsinnvandrarar og andre tilflyttarar til kommunen. Sarah og Lillian sine refleksjonar og innspel om m a systematisk språkopplæring, psykisk helse og behov for ei total «opprydding» i korleis vi organiserer offentlege tenester retta mot dei som flyttar til ein kommune – er heilt «to the point» og fortener å bli løfta opp også nasjonalt. Det vil Ingvild og eg gjere, og Stryn bør få nasjonal merksemd for det arbeidet dei no gjer på dette området.\n\nVi fekk også møte Nils-Petter Hauge frå organisasjonen «LEVE» - landsforeninga for etterlatne etter sjølvmord. Dei sørger for at dei som sit att etter at nokon i nær familie eller vennekrets har tatt livet sitt ikkje er aleine i sorga og smerta – men har nokon rundt seg som forstår, har vore i same båt og kan gje råd om korleis livet kan gå vidare. LEVE speler ei viktig rolle i arbeidet med eitt av våre største skjulte samfunnsproblem – Venstre vil prøve det vi kan å sikre dei ein stabil økonomi på nasjonalt plan i åra framover.\n\nNordfjordeid: Politi, rettsvesen – og hest\n\nIngvild er Venstres justispolitikar (og ein drivande dyktig sådan!). På Nordfjordeid besøkte vi difor dei fagmiljøa som ho har direkte ansvar for på Stortinget: Politi og jordskifterett/tingrett. Med oss hadde vi Venstres nye ordførar i Eid, Gunnar Silden, og leiar i Stad Venstre, Jon Frogner.\n\nBåde politiet og rettsvesenet har nyleg vore gjennom store reformer som det har vore mykje politisk debatt om – og der Senterpartiet i kjent stil vil ha omkamp, oppsplitting og ny uro.\n\nTilbakemeldingane frå både politiet og rettsmiljøet vi møtte var krystallklar: La oss sleppe meir politisk spel og omkampar no: Reformane har virka, ting går seg til – og fagmiljø og tenester har blitt betre og meir framtidsretta. Nordfjord-lensmann Tormod Hvattum er ein superveteran (46 år bak seg i etaten!) som eg har hatt gleda av å samarbeide nært med i mange år som ordførar – og som eg er 100% trygg på seier si ærlege meining, ikkje berre det han «trur vi vil høyre». Tormod var ærleg på at han på førehand var svært skeptisk til politireformen – men den skepsisen har han no lagt bak seg. Politiet har fått ein annan og betre kvardag – betre leiing og betre tilgang til nødvendige ressursar – betre høve til å følge opp den «skjulte kriminaliteten» (vald i nære relasjonar) – og mykje meir profesjonalisert etterforsking. Det har ikkje blitt færre politifolk lokalt – snarare tvert imot – og dei kan arbeide betre enn før. \n\nSå når Senterpartiet i regjering no spør alle landets kommunar om dei vil skru klokka tilbake og gå tilbake til slik ting var før, med fragmenterte fagmiljø med mange små kontor, så er Tormod sitt svar krystallklart: Nei. No må vi sjå framover. Og så har han eitt konkret punkt som må bli betre i Region Vest: Kapasiteten på 02800-nummeret, der folk skal nå politiet. Det må og kan vi ordne opp i utan å kaste politi-etaten inn i ei meiningslaus reversering.\n\nPå Jordskifteretten møtte vi både ny leiar for Sogn og Fjordane Jordskifterett, Annlaug Kjelstad, ny konstituert jordskiftedommar på Nordfjordeid, Cathrine Hoddevik, og dei andre som arbeider på kontoret som ingeniørar og sakshandsamarar (..og ikkje var ute i felten på jobb – jordskifteretten er «ein rullande rett» - som ikkje skal vere heile tida på kontoret..).\n\nOgså her går ting seg fint til: Med ein felles jordskifterett i Sogn og Fjordane – med garantiar om bemanning av alle rettstader – blir dei tilsette på Nordfjordeid del av eit større fagmiljø og kan arbeide effektivt på tvers av gamle grenser. Særleg kjekt er det at vi no har fått inn i miljøet ein ny, ung jordskiftedommar med lokal tilknyting (Cathrine er frå Hoddevika på Stad, og flyttar no frå Bergen heim til Nordfjord). Det er ingen tvil om at det er meir attraktivt for henne å ta ein så krevjande jobb som ung dommar når ho veit at ho er del av eit større kollegium, og ikkje sit nesten aleine med alt ansvar for å dekke eit bredt og krevjande fagområde.\n\nEg håpar inderleg vi no slepp ei oppsplitting av dei nye felles fagmiljøa vi har fått på jordskifte i gamle Sogn og Fjordane. Alle tre vertskommunane for jordskifteretten i Sogn og Fjordane har sagt nei til omkamp og reversering – men Sp sin Justisminister trugar framleis med å overkøyre dei, så lenge det finst minst ein annan kommune i rettskrinsen styrt av rettruande Senterpartistar som ber om omkamp på andre sine vegne. Eg ber i alle fall ei stille bøn om at Ap og Jonas Gahr Støre lærer av Kristiansand-fadesen, og ikkje lar Sp sine mest ekstreme ideologar få fritt fram for å køyre distrikts-Noreg inn i framtida med reversgiret på.\n\n Siste stopp på Eid var ein innertiar for heste-elskande Ingvild: Besøk på Norsk Fjordhestsenter – det nasjonale senteret for den norske nasjonalhesten, fjordingen. Her møtte vi ny dagleg leiar Siri Merete Endal og ny styreleiar Siri Sandvik (varaordførar i Stad) – som fortalde oss både om det viktige nasjonale arbeidet dei gjer for å sikre fjordhesten si framtid, og behovet fjordhestsenteret no har for ei skikkeleg oppgradering av nasjonalanlegget for fjordhesten. Her må også staten vere med i eit spleiselag – det skal vi kjempe for på Stortinget! Og så fekk vi lov å ri.. Ordførar Gunnar fekk ri hest for fyrste gong – og klarte det med glans, under kyndig rettleiing av ridelærar Annifrid Ueland på Fjordane Folkehøgskule si hestelinje! Ingvild var sjølv-ridande – og lukkeleg..\n\nEin innhaldsrik dag 1 – framhald kjem!

Postet:
2022-08-13 12:07:17

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post