Innlegg:
Tour Fjordane med Ingvild. Dag 3 (av 3) – Kalvåg (Bremanger) og Førde (Sunnfjord)\n\nI mai tok stortings-kollega i Venstre, Ingvild Wetrhus Thorsvik, meg med på besøksrunde i sitt heimfylke Agder. Denne veka var tida inne for ein gjenvisitt på mine heimtrakter. Her kjem siste del av reiserapporten!\n\nKalvåg – kystens perle\n\nEg er ganske sikker på at om det er éin person Ingvild ikkje vil gløyme frå denne turen, så er det å oppleve Svein Inge Fosse i fri dressur på Knutholmen i Kalvåg i Bremanger kommune. Svein Inge ER Mr Kalvåg. Han har brukt 36 år av livet på å snu om det fråflyttings-truga Kalvåg-samfunnet til å bli eitt av kystens flottaste og mest populære reiselivsmål. Knutholmen har no utrulege 250 gjestesenger og 130 rom, pluss restaurant-kjøken med sjømat av toppklasse og ypperlege møtefasilitetar - med stor gjestehamn og midt i ein nydeleg liten tettstad ut mot havet.\n\nNo har neste generasjon Fosse overtatt og satsar vidare, men «gamlefar» kviler ikkje på laurbæra. Svein Inge var der då vi kom og då vi for. Han står på seint og tidleg, og er med sitt oppkome av historier og anedokter den perfekte vert (..i alle fall om du ikkje har dårleg tid..). Vi fekk fantastisk mat, omvising i det flotte nyrestaurerte botique-hotellet Sjøholt – og badstu&sjøbad i den Vestlands-varme sommarkvelden.\n\nInnimellom rakk vi ein veldig kjekk arbeidsmiddag med Bremanger Venstre. Bremanger vart ved sist lokalval Noregs 3. største Venstre-kommune med 21% oppslutnad og fem dyktige representantar i kommunestyret. Ingvild og eg møtte tre av dei i Kalvåg: Svein Olav Senneset og Svein Arne Torvanger, som begge arbeider i hjartet av det grøne skiftet i Noregs største og mest framoverlente ferjerederi, Fjord1 i Florø, og brenn for næringsutvikling på kysten – og Jeanette Grotle, som er lærar på Hauge skule i Bremanger – med oppvekst og god skule som hjartesak.\n\n---\nFørde – den grøne motoren i Sunnfjord\n\nSiste stopp på vår Tour de Fjordane var Førde – fylkets største by, og sentrum i nye Sunnfjord kommune. Her vart vi tatt imot i dei nye felles lokala til Sogn og Fjordane Tingrett og Sogn og Fjordane Jordskifterett, av tingrettsleiar Terje Mowatt, jordskifteleiar Annlaug Kjelstad og deira folk - saman med Sunnfjord Venstre.\n\nDei var med rette stolte av lokala dei har fått – og at dei med tett samarbeid og nye måtar å arbeide på har klart å lage ein «Sogn og Fjordane-modell» for eit desentralisert og samtidig fagleg solid rettsvesen, som blir lagt merke til nasjonalt. Dei ser ingen grunn til å splitte opp og gjere frå før små fagmiljø endå mindre, slik Senterpartiet på nasjonalt nivå no kjempar for. Vi i Venstre heiar på dei nye felles domstolane i Sogn og Fjordane og det dei no har fått til. Terje Mowatt&co har klart å bygge bruer og legge bak seg gamle fogderistridar – som det vil vere reinspikka Senterparti-galskap å blåse nytt liv i. Domstolane har heldigvis støtte av Senterpartiet sin eigen ordførar Jenny Føllling i Sunnfjord (og alle dei tre vertskommunane for domstolane i SFj). Eg vonar realpolitikaren Jenny er den som no blir lytta til i Sp, ikkje tåkefyrste-ideologane som vil ha omkamp, ny splitting og reversering.\n\nVidare gjekk turen til PEAK Sunnfjord og møte med IT-forum Vest og Høgskulen på Vestlandet HVL – for å få ei oppdatering over det flotte arbeidet som no blir gjort i Førde-miljøet og i heile Vestland med digitalisering, breibandsutbygging og utdanning av teknologar og ingeniørar med lokal forankring. Imponerande og inspirerande. Og så er det ganske herleg at heile gjengen vi møtte av tech-strategar i Førde var kvinner. I ei mannsdominert IT-bransje er det gull verdt!\n\nSiste stopp på programmet var noko HEILT anna enn rettsalar og møterom. Vi tok turen til Vie, rett utanfor Førde sentrum, der det einaste andelslandbruket i Sogn og Fjordane held til. I Vie andelslandbruk i Førde samarbeider over 40 husstandar om å dyrke kortreist, sunn og mangfaldig mat – under kyndig rettleiing av ein utdanna økologisk gartnar. Eit strålande initiativ, som diverre i dag lever heilt i skuggen og utanfor offisiell norsk landbrukspolitikk. \n\nDet må vi endre på. At fleire lærer å dyrke sin eigen grøne mat og får høve til det uansett kvar dei bur ved at matjord blir tatt vare på og stilt til rådvelde for grønt-dyrking, er truleg viktigare for norsk sjølvforsyning enn både kornsiloar og endå hardare produksjonspress på kjøt og mjølk i storskala industrilandbruk. Vie Andelslandbruk syner rett og slett éin viktig veg framover i norsk landbruks- og matpolitikk.\n\nMed det var tre intensive dagar på Tour de Fjordane over. Ingvild reiser heim til det blide Sørlandet – som eit ENDÅ litt lukkelegare og klokare menneske.. Til deg som har orka å lese heilt hit: Takk for at også du var med på turen!
Postet:
2022-08-14 21:04:06