Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre

Parti: V

Innlegg:
Sommar-søndagskveld i Oslo: Siste førebuing til Arendalsuka, der eg på vegne av Venstre skal delta i 22 debattar/arrangement dei neste fire dagane, om så ulike tema som reiseliv, fiskeri, grøn skipsfart, energi og klima, helseteknologi, kulturpolitikk, småbedrifter, forsking, energisparing i bygg, vegtransport, luftfart, breiband og IKT og daglegvarepolitikk og Noreg som eksportnasjon i ei uroleg tid. \n\nDet blir eit banka køyr – men av tidlegare erfaring også veldig kjekt, og ikkje minst lærerikt på grunn av alle flinke folk ein treff overalt i den heksegryta Arendal er denne veka. \n\nArendalsveka er og blir det største treffpunktet mellom det norske organisasjonslivet, sivilsamfunnet, næringslivet og det politiske miljøet i si fulle bredde – med høve for folk og organisasjonar frå heile landet til å delta, og der alle kan snakke med alle. Det er ein verdi å ta med seg, ikkje minst i ei tid der demokratiet er under press både ute og heime. \n\nKanskje møtes vi i Arendal i veka som kjem? Ta kontakt på Messenger, eller sjå oversikt over dei arrangementa eg er med på på www.arendalsuka.no (søk på mitt namn). Rapportar vil uansett følgje på denne sida! \n\nSer fram til å delta på små og store arrangement med flinke arrangørar: NHO Vestlandet, Næringslivets Hovedorganisasjon, Virke - Hovedorganisasjonen, SMB Norge, Norges Fiskarlag, Kystrederiene, Vestland fylkeskommune, Grøn region Vestland, Agder fylkeskommune, NCE Maritime CleanTech, Stiftelsen Miljøfyrtårn, NTNU Oceans, Sintef, Avinor, IKT-Norge, Bergen Næringsråd, AmCham Norway, Abelia, NHO Reiseliv, Innovasjon Norge med fleire.

Postet:
2022-08-14 22:50:00

Delt innhold: