Person / Aktør:
Barne- og familiedepartementet (Norge)
Barne- og familiedepartementet (Norge)

Innlegg:
No oppnemner regjeringa ei ekspertgruppe for barn i fattige familiar.\n\n– At så mange barn i Norge veks opp i fattigdom er ei stor samfunnsutfordring som utløyser store kostnader både for den einskilde og for samfunnet. Sjølv om fleire regjeringer har arbeida med å motverke fattigdom blant barnefamiliar, er talet på barn i fattige familiar likevel aukande. Ei ekspertgruppe kan gi oss nye råd om korleis innsatsen for barn i fattige familiar bør prioriterast framover, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Postet:
2022-08-12 12:20:56

Delt innhold:
Oppnemner ekspertgruppe for barn i fattige familiar
Regjeringa har i dag oppnemnt ei ekspertgruppe som skal foreslå tiltak som gir barn som veks opp i fattigdom betre levekår og som førebyggjer at fattigdom går i arv.