Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre

Parti: V

Innlegg:
Ein skal som oftast holde litt igjen på bruk av ordet "skandale". Men DETTE er nettopp det: Ei politisk skandale - av ei totalt handlingslamma regjering som "bøyer unna" når resten av Europa gjer felles front for å hjelpe Ukraina mot Putins angrepskrig. \n\nDet norske særunntaket for russiske fiskefartøy - som Venstre lenge har utfordra regjeringa på å fjerne - gir russiske oligarkar og Putin-vener fri tilgang til norske hamner. Det gjer at dei kan tene milliarder av kroner som kan sprøytast rett inn i den russiske krigsøkonomien. \n\nDette er totalt uakseptabelt - og ei regelrett skandale. Venstre har til no "møtt veggen" når vi har prøvd å få Ap/Sp-regjeringa til å ta affære - og heller ikkje Høgre, Frp eller SV har synt interesse for å rydde opp når vi har løfta saka på Stortinget. Vi gir oss ikkje - eg håpar Dagens Næringsliv si avsløring i dag kan få den politiske vinden til å snu.. https://www.dn.no/magasinet/dokumentar/fiskeri/oligarker/russland/i-hele-eu-er-russiske-skip-utestengt-i-norge-far-oligarken-gjore-business-som-for/2-1-1270334

Postet:
2022-08-12 13:36:19

Delt innhold: