Innlegg:
Sommarferien er over, men superkjekk jobb-oppstart i dag med dagsbesøk i Hareid kommune på Sunnmøre. Venstres varaordførar (og fungerande ordførar denne veka) Annika Brandal var entusiastisk vert og guide både i Brandal, Hareid sentrum og Hjørungavåg - saman med Jenny Helen Korsnes frå Hareid Venstre.\n\nHareid ligg midt i hjartet av det maritime Sunnmøre, med Ålesund rett over fjorden. Her boblar og gror det i store og små industribedrifter. Vi besøkte éi av dei i dag: Dimo A/S, ei grunder-bedrift starta i 2010 som lagar avanserte hydraulikk-system til ferjer, fiskebåtar, andre fartøy og industrikundar. DIMO har hatt ein voldsom vekst dei siste åra, ikkje minst fordi dei har utvikla nye løysingar som kuttar energibruken i hydraulikksystem på fartøy med opptil 90%.\n\nLurer du på kvifor ein baugport eller ein ferjelem på ei gammal diesel-ferje bråka og rista som eit jordskjelv – men på ei ny elektrisk ferje glir så og seie lydlaust opp og ned? DIMO sine nyskapande hydraulikk-løysingar er sannsynlegvis svaret! No har dei over 40 tilsette, skal i gang med eit nytt stort nybygg i Hareid sentrum, og treng som så mange andre bedrifter i Hareid og på Sunnmøre elles fleire folk. Eit viktig tema på vårt besøk var trongen for at fleire tar yrkesfagleg utdanning: At lærarar og foreldre må slutte med å «snakke ned» yrkesfaga og industrien - og kor fantastisk varierte og spennande jobbmoglegheiter framtidas nye, grøne teknologi kan gje ungdom over heile landet.\n\nLunsjen tok vi saman med ei som har betre oversikt over næringslivet i Hareid enn dei fleste: Prosjektleiar Julie Sundgot Andersen i Vekst i Hareid. Julie er opptatt av å bygge større bu- og arbeidsmarknadsregionar på Nordvestlandet (mellom anna når Stad Skipstunnel kjem), og å jobbe endå meir systematisk med rekruttering og tilflytting. Rekruttering er tema nr 1 i Hareid – og buattraktivitet og eit sterkt næringsliv må gå hand i hand om Hareid skal vekse i framtida.\n\nSå tok vi turen ut til Brandal, fem minutts køyring frå sentrum. Her ligg Ishavsmuseet Aarvak– eitt av Noregs største og mest fascinerande polare museum – i ei lita bygd som i mange tiår sto i sentrum av eitt av dei store norske polareventyra: Selfangsten i Nordishavet frå 1900 og utover. Museet er enormt og mangfaldig: Fire etasjar stappfulle av polarhistorie pluss to flytande kulturskattar: Ishavsskutene «Aarvak» bygd i 1912, og «Polarstar», bygd i 1948. Begge skutene er uerstattelege, levande kulturminne frå ei viktig epoke i norsk historie – og eg er glad for at Venstre har bidrege gjennom mange år på Stortinget til å sikre finansieringa av Ishavsmuseet og kystkulturen.\n\nOg ingen tur til Hareid er komplett utan besøk også i Hjørungavåg. Her sto eitt av vikingtidas mest legendariske slag mellom dei norske jarlane og den danske invasjonsflåten i 986, og akkurat no – 1.036 år seinare – blir det på nytt bygd eit mektig viking-langhus i Hjørungavågen, 26 meter langt i gammal byggeskikk og med lokalt tømmer. I skikkeleg sunnmørsk stil vert arbeidet gjort på dugnad – stort sett av ein driftig gjeng pensjonistar som så langt har lagt ned over 5.000 arbeidstimar, og skal halde fram til langhuset står ferdig neste år som fyrste del av Hjørungavåg Vikingpark. Vikingånda lever i beste velgåande i Hareid den dag i dag!\n\nAvslutta dagen med pizza-treff med Hareid Venstre, med gjester også frå Venstre i Ørsta og Volda: Stor entusiasme og tru på tida som kjem!
Postet:
2022-08-08 22:37:24