Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:
Sjåast i Haugesund Ingrid. Vi gir oss ikkje.

Postet:
2022-08-08 18:54:15

Delt innhold:
Utålmodig.\n\nStraumkrisa krev handfast demokratisk, politisk styring. Ikkje «venta og sjå» og håpa at marknaden løyser problema for oss. Det er jo marknadsstyringa som har ført oss inn i krisa, med mogleg kraftmangel og galopperande prisar. \n\nPå møtet i Stortingets presidentskap i dag ville SV og Frp at me skulle kalla inn til stortingsmøte umiddelbart. Dessverre ville fleirtalet gi regjeringa endå litt meir tid, og ta ei ny vurdering om ei veke. \n\nEg meiner regjeringa har hatt god nok tid, og at tiltaka dei omsider har lansert ikkje er nok. Men dei merkar nå tydelegvis presset frå innbyggarar, grunnplanet i fagrørsla og i eigne parti - og oss i opposisjonen. Det er bra, og det trengst.\n\nSlaget om å ta makta tilbake frå EU-marknaden til nasjonal, folkevald styring kjem til å ta tid. Nettopp derfor er eg utålmodig. Det håper og trur eg at mange andre også er.\n\nTuren til Oslo vart kort denne gongen. No er det retur over fjellet til Tysvær og Haugesund. Men eg er klar for nye møte på Stortinget når som helst.