Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
Krafta vår - eit fellesgode - eit grunnlag for rikdom og gode liv - ei ressurs som krev balanserte politiske løysingar. \n\nDet har alltid vore diskusjon kring vasskrafta vår: \n\nKven skal eige krafta vår var diskusjonen tidleg på 1900-talet. Dei som vann fram var dei som ville at me skulle bruke privat initiativ og kapital til å bygga ut vannkrafta, men sikre offentleg eigarskap og kontroll. Det vart kalla heimfall og gjekk ut på at dei private etter ei gitt tidsperiode måtte levere kraftverka attende til staten. Eg skal ikkje spå kven av dagens politikarar som ville vore på rett og gal side den gongen. Det kan kvar enkelt tenke seg til. \n\nI 2007 utfordra EU oss på dette prinsippet om heimfall. Den norske heimfallsordninga tapte i EU-domstolen, men den dåverande raudgrøne-regjeringa tok kampen vidare og vann. Me sikra det norske og fellesskapet sine interesser. H og Frp ville gjera endringar i dette - som hadde utfordra heile heimfallsordninga og det norske eigarskapet til krafta. Eg var då statssekretær i Olje- og energidepartementet. Det var ein intens og ekstremt hard politisk kamp der H, Frp og NHO var på motsatt side av banen. Eg er glad for at me vant den gongen. \n\nFor tenk deg dagens kraftkrise der det i tillegg var utanlandske fond som eigde vannkrafta vår. Dette viser at ideologi har ei stor betydning i desse spørsmåla. Kraftpolitikk er verdikamp og går langt utover dei økonomiske verdiane. \n\nDå kjem me til spørsmålet om kva som er målet med kraftpolitikken. Eg meiner det er å gje folk og næringsliv i Norge nok grønn og billig straum. Det er vel ikkje mange som ikkje er samde om det. \n\nMen så står me i den situasjonen som me er i. Det er interessant å drøfte kvifor me er der me er i dag, det er viktig for å vera i stand til å gjera endringar i systemet som har effekt. Eg skal skrive meir om det seinare. \n\nI dag er eg glad for at regjeringa gjer det som stortingsgruppa til Sp sette fram krav om i sommar: Moglegheit til å setja i verk tiltak for å redusera eksporten når magasinfyllinga er låg. Det er og bra at regjeringa styrkar kompensasjonsordninga og at dei varslar tiltak for næringslivet. Bra levert. \n\nMange skuldar Vedum for å vera for seint ute. Eg vil minne om at Finansministeren før straumdebatten tok fyr hadde kutt i el-avgifta på 2,9 milliardar. 1 av desse milliardane til næringslivet. Då fekk han kjeft frå Høgre for å smørje tynt utover. Var han taktisk sett for tidleg ute? Då kompensasjonsordninga kom meinte han at den skulle gjelde alle - Høgre meinte at berre dei med dårlegast råd skulle få. Og ein observasjon til: Erna Solberg kom fyrst med tydeleg krav om ordninger for næringslivet etter at Jonas og Trygve hadde varsla det. \n\nSå er det mykje i denne saka ein kunne gjort annleis. Det er det ikkje tvil om. Eg er likevel trygg på at Senterpartiet har den verdimessige forankringa som trengs både for å koma gjennom straumkrisa - men og for å sikre at me får eit system for krafta vår - som framleis sikrer den under nasjonal kontroll og som bidreg til at me og i framtida kan nytte den til å skape rikdom og gode liv. Ikkje berre for nokon få - men for oss alle. Då er dagens vedtak frå regjeringa ein god og viktig start.
Postet:
2022-08-07 22:37:13
Delt innhold: