Person / Aktør:
Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet

Innlegg:

Postet:
2022-08-03 14:49:52

Delt innhold:
😊🎊 I går hadde Digdir gleda av å ta imot kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik - Sp på Leikanger. Han møtte studentane på Digdir-campen som brukar sommaren til å finne nye bruksområde for eksisterande fellesløysingar, og vi snakka om korleis Digdir utviklar kompetanse og tilsette som samarbeider tett på tvers av fagområde og geografi. \n\nStatsråden var imponert over måten Digdir har lukkast med å bygge sterke kompetansemiljø og å utvikle digitale fellesløysingar som er blant dei beste i Noreg og Europa.\n\nDigitalt utanforskap var også eit viktig tema, og vi delte våre tankar om korleis både Digdir og offentleg sektor kan jobbe for å hjelpe dei som fell utanfor digitalt. Statsråden var også interessert i historikken rundt noreg.no, Mi side og eit felles offentleg kontaktpunkt eller servicesenter. \n\nMinisteren fekk også høyre om det viktige arbeidet til tilsynet for universell utforming av ikt og løysinga for den nye tilgjengeligheitserklæringa tilsynet rullar ut til hausten. \n\nVi takkar statsråden for eit inspirerande og nyttig møte. Og forresten: vil du høyre meir om korleis vi kan skape ein enklare digital kvardag i lag? Meld deg på Digitaliseringskonferansen 2022, som har temaet "Digitalisering – det handlar om mennesker".\n\n Kommunal- og distriktsdepartementet