Person / Aktør:
Frank Sve

Innlegg:
Vi trenger meir sikre vegar, ikkje færre!\n\nSP og AP planlegg nedeskalering av vegbygging, og sender pengane ut av landet istaden.\n\nI svaret frå Samferdselsministeren til meg på kva vegtyper ulykkene har vore, er svaret svært så tydeleg:\n\n- nye firefelts motorvegar som den borgarlege regjeringa bygde 280 km med ny veg, er tryggaste vegane!\n\nSP spesielt sin «kjerreveg mentalitet» er ikkje det vi trenger no.\n\nVi trenger FrP i regjering igjen for å bygge meir veg, meir motorveg der det er trafikktall for dette, og gjerne firefelts 110 km/t.\n\nDerimot skal vi ikkje bygge firefeltsveg på områder som framstår som sløsing av skattebetalarane sine pengar, slik som 30-40 milliard kr på Møreaksen i kryssing av Romsdalsfjorden, med kun 2300 bilar i døgnet.\n\nStaten tar inn 53 milliard kr i veg og bilavgifter, SP og AP regjeringa har lagt inn i statsbudsjettet kun 19 milliard til vegbygging, som dei no igjen skal nedeskalere.\n\n«Dette er rett og slett trafikkfarleg politikk, vi trenger meir vegbygging, sikre og nye vegar, ikkje færre»

Postet:
2022-07-25 08:50:21

Delt innhold:
This content isn't available right now
When this happens, it's usually because the owner only shared it with a small group of people, changed who can see it or it's been deleted.