Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
Eg har kome i alderen at eg har unger som har byrja å tenke på å ta lappen. På fredag var me ute på øvelseskøyring fra Bryne og til Mandal. \n\nEg er imponert over sjåføren, men vart og positivt overraska over kor hensynsfulle andre bilister var. Det var sjølvsagt gonger det gjekk litt under fartsgrensa og passering av syklister på svingete deler av E39 er vanskelig. Nokre gonger var det litt kø bak oss og andre gonger låg me midt i køen. Hovedinntrykket var likevel at folk viste hensyn. \n\nVi rakk likevel - etter 60-sona i Vikeså - å stifte bekjentskap med landevegens svar på Severin Suveren. Typen med stor sjølvtillit, stor bil, dårleg tid og masse aggresjon. Han kjørte mot oss bakfra med stor fart og blinket med lysene. Han la seg ut og hang på hornet og la seg demonstrativt inn foran oss. Det var åpenbart provoserande med den røde L-en. \n\nDet er heldigvis sånn at alle biler er utstyrt med eit skiltnummer. Og på Statens vegvesen sine nettsider finn du ut kven som eig køyretøy. Og på Facebook kan folk kontaktes. Så det gjorde eg. Først kunne han ikkje forstå kva dette hadde med han å gjera - men då han fekk bilete av bilen forstod han kva det gjekk i og då vart han sint. Dialogen med han var meir underhaldande enn fruktbar. \n\nMi oppmoding er at me treng gode sjåfører i framtida - og då må dei få høve til å øve. Og skryt til alle som ferdes trygt langs vegen - og så får dei som vert sinte bak rattet stoppe og kjøpe seg ein is. \n\nHa ein god og trygg biltur!
Postet:
2022-07-24 23:30:14
Delt innhold: