Person / Aktør:
Tonje Brenna
Tonje Brenna
Parti: AP

Innlegg:
etter at vi blei sprengt i filler\netter at fredagen fall ut av hendene på oss\netter at vi måtte lære oss norsk på ny\netter at sorga strekte seg heilt opp til håret\netter at dagane tok til å regne ned over oss\n\norda overlever ein 9mm glock\n\nkjærleiken er kraftigare enn ei 500 kilos bombe\n\nå halde hender er mektigare enn ladegrepet\n\neit lite kyss er viktigare enn 1500 sider med hat\n\neit vi er så mykje meir enn eit eg\n\ndet kjem eit nytt 22. juli, det må jo det\nferja skal frakte fleire bankande hjarte over\ntelta skal bli slått opp på grønt gras\nmorgonsola skal kysse øya vaken\n\nhei, hei, på tide å stå opp og endre verda.\n\n(Frode Grytten)

Postet:
2022-07-22 08:24:13

Delt innhold: