Person / Aktør:
Klima- og miljødepartementet (Norge)
Klima- og miljødepartementet (Norge)

Innlegg:
👔 Tekstilsektoren står for ein stadig aukande miljøpåverknad. Noreg er eit lite tekstilland, med svært liten eigen produksjon. I same stund er Noreg ein storforbrukar av tekstil.\n\n🩳 Omkring 80.000 tonn tekstil vert sett på marknaden i Noreg kvart år. Det tilsvarar 15 kilo per innbyggar. \n\n👗 Arbeidet med å sikre ein meir berekraftig og sirkulær tekstilbransje får stadig meir merksemd både nasjonalt og internasjonalt. \n\n🧦 Noreg skal ha på plass separat utsortering av tekstil frå hushald innan 2025. Dette vert eit krav i heile EØS-området. \n\n👟Miljødirektoratet har levert ei tilråding om korleis dette kan gjennomførast og Klima- og miljødepartementet vil nå vurdere forslaga. Det skal òg setjast i gang eit arbeid for å greie ut korleis eit produsentansvar i Noreg kan utformast. \n\n🧤 Les meir på regjeringen.no: \nhttps://www.regjeringen.no/no/tema/klima-og-miljo/forurensning/innsiktsartikler-forurensning/tekstil/id2922304/

Postet:
2022-07-21 16:08:06